Skriftlig spørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til arbeids- og administrasjonsministeren

Dokument nr. 15:520 (2002-2003)
Innlevert: 06.05.2003
Sendt: 06.05.2003
Besvart: 14.05.2003 av arbeids- og administrasjonsminister Victor D. Norman

Ranveig Frøiland (A)

Spørsmål

Ranveig Frøiland (A): Statkraft har ambisjonar om å vere ein leiande kraftaktør i Norden. Regjeringa og Stortinget har slutta seg til dette. Næringskomiteen har samrøystes sagt at dersom Statkraft SF framleis skal vera ein leiande marknadsaktør i Norden, vil selskapet ha behov for å voksa ytterlegare. Konkurransedirektøren meiner at selskapet må delast opp ut frå konkurransesituasjonen.
Deler statsråden konkurransedirektøren sitt synspunkt, og har Regjeringa endra syn på Statkraft sine ambisjonar og visjonar?

Begrunnelse

I St.meld. nr. 22 (2001-2002) står det blant anna: "Regjeringa legger til grunn at Statkraft fortsatt skal kunne videreutvikles som en sterk aktør i kraftnæringen i Norden, men at staten i utgangspunktet ikke skal bidra med kapital." Stortingsdebatten i juni 2002 viste at det var stor oppslutnad om visjonen for Statkraft, og næringskomiteen skreiv i merknadene at Statskraft SF også i framtida bør ha ei viktig strategisk rolle i norsk næringsliv og vera ein leiande marknadsaktør i kraftnæringa i Norden. Dersom Statkraft SF blir delt opp betyr det ein dramatisk endring i synet på selskapet sine utviklingsmoglegheiter.

Victor D. Norman (H)

Svar

Victor D. Norman: Ut frå konkurranseloven § 2-2d skal konkurransestyresmaktene "påpeke konkurranseregulerende virkninger av offentlige tiltak, eventuelt ved å fremme forslag med sikte på å forsterke konkurransen og lette adgangen for nye konkurrenter". Det høyrer såleis til Konkurransetilsynet sine oppgåver å laupande vurdere om offentlege tiltak påverkar konkurransesituasjonen i dei ulike marknadene, og eventuelt komme med forslag som fremjar konkurransen. Utøvinga av statleg eigarskap er forhold som Konkurransetilsynet kan påpeike ut frå § 2-2d.
Regjeringa har i fleire samanhengar gitt uttrykk for at den statlege eigarskapen må utøvast på ein måte som gjer at ein unngår rollekonfliktar og tek omsyn til konkurranseaspektet. Blant anna heiter det i Regjeringa sin handlingsplan for styrking av konkurransepolitikken at ein skal sjå til at sal av statlege selskap ikkje er med på å avgrense konkurransen. Det går fram av St.meld. nr. 22 (2001-2002) Et mindre og bedre statlig eierskap at Regjeringa legg stor vekt på at den statlege eigarskapen skal utøvast slik at ein tek vare på konkurransen. Dette kjem bl.a. til uttrykk ved at konkrete saker skal vurderast ut frå konkurranseomsyn. I meldinga heiter det blant anna:

"For å ha troverdighet i utøvelsen av de ulike rollene staten har er det viktig å være tydelig i utøvelsen av disse rollene. Det følger av dette at det for eksempel aldri vil være en del av den løpende eierforvaltningen å vurdere om eierskapet bidrar til økt konkurranse. Det kan for statlig heleide virksomheter likevel være nødvendig å vurdere konkurransehensyn ved sentrale beslutningspunkter, som ved omdanning fra forvaltningsorgan til forretningsenhet eller ved vurdering av hel- eller delprivatisering. Vurderingene her vil bl.a. omfatte for eksempel hvorvidt et selskap skal deles opp før de enkelte delene privatiseres helt eller delvis. Staten vil i slike tilfeller kunne stå overfor avveiningen mellom å redusere den forventede verdi av selskapet på den ene side og gevinster for samfunnet gjennom økt konkurranse på den andre siden.
Konkurransemyndighetene vil på bakgrunn av sin rolle løpende kunne anmode eiermyndigheten eller Regjeringen om å vurdere deling av statlig heleide bedrifter ut fra konkurransehensyn selv om det ikke er aktuelt å privatisere virksomheten."

Det går fram av det som er nemnd ovanfor at Konkurransetilsynet sitt brev til Nærings- og handelsdepartementet ligg klart innanfor dei rammer for konkurransestyresmaktene som er trekte opp både i konkurranseloven og i St.meld. nr. 22. Vidare har eg i tildelingsbrevet til Konkurransetilsynet for 2003 meldt frå at eg ikkje lenger ser behov for å halde ved lag ein tidlegare instruks om at saker som tilsynet tek opp med andre departement, skal gå gjennom Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Konkurransetilsynet kan no ta opp slike saker direkte med det aktuelle departementet. Det følgjer av dette at når tilsynet gjer dette, er det eit sjølvstendig initiativ frå tilsynet og at synspunkt som tilsynet gir uttrykk for, står for tilsynets eiga rekning som konkurransefagleg tilsynsmakt. Synspunkta gir altså ikkje uttrykk for Regjeringa si oppfatning, og er følgjeleg heller ikkje uttrykk for noka endring i Regjeringa sitt syn.
For min del har eg ikkje vurdert nærmare dei problemstillingane som Konkurransetilsynet har teke opp knytte til deling av Statkraft, og har dermed heller ikkje synspunkt i saka på dette tidspunktet. Eg legg til grunn at Nærings- og handelsdepartementet vil vurdere brevet frå Konkurransetilsynet nærmare og eventuelt ta initiativ til å drøfte saka mellom aktuelle departement.