Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til justisministeren

Dokument nr. 15:564 (2002-2003)
Innlevert: 16.05.2003
Sendt: 16.05.2003
Besvart: 21.05.2003 av justisminister Odd Einar Dørum

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Ifølgje ein rapport om ressursfordelinga mellom politidistrikta, er Rogaland politidistrikt sterkt underbemanna.
Kva vil statsråden gjera for å retta opp dette?

Vedlegg til spørsmål:

Brev frå ordførar Leif Johan Sevland i Stavanger kommune til Stortingets justiskomité vedrørande nye stillingar til Rogaland politidistrikt. Journalnummer: 011967/03. Brevet er datert 7. mars 2003.

Begrunnelse

Odd Einar Dørum (V)

Svar

Odd Einar Dørum: Som ein del av arbeidet med politireforma, der ressursfordeling og stillingsfordeling er eit sentralt tema, har Politidirektoratet fått utarbeidd ein rapport med forslag til ein ny modell for fordeling av stillingar i politi- og lensmannsetaten.
I forslaget til ny fordelingsmodell er fordeling av stillingar til politidistrikta basert på objektive kriterium (ca. 90 pst. av den totale ramma for stillingar) og på særskilde kriterium i det enkelte politidistrikt (ca. 10 pst.). Basert på dei kriteria som er i modellen, vert det påvist at det er ei skeiv fordeling av stillingar i etaten. Ein kan mellom anna nemne at Politidirektoratet rekne for at Rogaland politidistrikt har ei underdekning når det gjeld stillingar.
Politidirektoratet har anbefalt at modellen for fordeling vert nytta som utgangspunkt for ressursfordelinga i etaten i framtida. Forslaget til fordelingsmodell, og Politidirektoratet si tilråding, er nett kome til departementet. Eg har ikkje teke stilling til forslaget.
Eg viser til at justiskomiteen har bede om å verta orientert om den bemanningsplan som vil vert legi til grunn for politi- og lensmannsetaten. Fordelingsmodellen vil inngå som ein del av ei slik orientering overfor Stortinget om framtidig bemanning i politi- og lensmannsetaten. Justisdepartementet vil kome tilbake til orienteringa i budsjettproposisjonen for 2004.