Skriftlig spørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:581 (2002-2003)
Innlevert: 20.05.2003
Sendt: 21.05.2003
Besvart: 27.05.2003 av utenriksminister Jan Petersen

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Kva har vore Noreg si haldning og posisjonar i Verdas Handelsorganisasjon, WTO, og bilateralt, når det gjeld å få til faste forutsigbare råvareprisar på jordbruksprodukt frå for det meste landa i Sør?

Begrunnelse

Stabile råvareprisar er viktig i mange lands økonomiar. Dei fem mellomamerikanske presidentane har sendt førespurnad til USA og president Bush samt tatt spørsmålet om m.a. råvarepris på kaffi opp i de ulike rundane i WTO.
Målet med brevet var m.a. å få med USA i Den internasjonale kaffiorganisasjonen, ICO, for der å kunne komme fram til felles tiltak for stabile råvareprisar.
For desse landa er situasjonen alvorleg då om lag 600 000 landarbeidarar og småbønder har mista jobben som følgje av lave kaffiprisar.

Jan Petersen (H)

Svar

Jan Petersen: Noreg meiner at ein skal ta spesielt omsyn til varer av særleg interesse for utviklingsland når WTO-landa vurderer vidare tollreduksjonar på landbruksvarer. Kaffi, sukker og kakao er blant slike produkt. Noreg har innført toll- og kvotefri marknadstilgang for alle produkt frå dei minst utvikla landa (MUL), og vi støtter MUL sitt krav om tilsvarande marknadstilgang til andre industriland.
Både i handlingsplanen "Kamp mot fattigdom!", og i den fornya satsinga på landbruk i utviklingsarbeidet legg Regjeringa vekt på å støtta tiltak som kan leggja til rette for at utviklingsland får ein meir differensiert eksport- og næringsstruktur, som igjen kan gjera desse landa mindre sårbare for prissvingingar på råvarer.
I WTO er ikkje jordbruksråvarer skilt ut som ei eiga produktgruppe, men dekka av WTO sin landbruksavtale. Til no har ikkje prisproblematikken på råvarer vore sterkt fokusert under dei pågåande landbruksforhandlingane.
Noreg deltar i Det felles fondet for råvarer som finansierer utviklingstiltak på råvareområdet. Saman med m.a. kaffiorganisasjonen gjennomfører Råvarefondet fleire prosjekt for å betra produksjonstilhøva, heva kvaliteten, skapa lokal vidareforedling av råvarer, vurdera alternative bruksområde for dei ulike råvarene og generelt støtta utviklingslanda sine forsøk på å bli meir uavhengige av inntekter frå råvaresektoren. Noreg sit for tida som nordisk eksekutivdirektør i Råvarefondet, og er ein av dei største bidragsytarane til fondet si verksemd.