Bjørn Jacobsen (SV): Er det gitt utvida fullmakter til framande lands hemmelige tenester til å operere på norsk territorium i samband med den auka terrorfaren, og korleis stiller dette seg, om så er tilfelle, i høve til norsk lov?
Begrunnelse
Det har i seinare tid komme fram eksempel på at framande maktar sine etterretningsorganisasjonar har drive ulik form for verksemd i Noreg.
Mellom anna har CIA drevet verving av ein irakar i Risør med det formål at han skulle delta i krigen mellom USA og Irak.
Det har komme fram i media at i samband med PST si etterforsking i muslimske miljø i Noreg så har ein samtidig lempa på norsk lov om at det er norske tenester som skal gjennomføre slike operasjonar, med det til følgje at framande makter har fått utvida fullmakter til å operer på norsk jord.