Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Kjem statsråden til å gjere noko for medverka til at Rogaland høgskule får høve til å ta opp ergoterapistudentar til hausten?
Begrunnelse
Rogaland høgskule har tilbod om utdanning på to område der det trengst fleire fagfolk, vernepleie og ergoterapi. Det tilskotet som no vert tilført til ergoterapiutdanning er så knapt at skulen vurderer nye elevar til hausten som uaktuelt. Ergoterapeutane spelar ei nøkkelrolle når det gjeld gode arbeidsstillingar, dei er svært viktige for å få til innhald i intensjonsavtalane om eit meir inkluderande arbeidsliv. Dette er ei yrkesgruppe som det utan tvil trengst fleire av for om mogleg å redusera sjukefråveret.