Gjermund Hagesæter (FrP): Ifølgje Avisa Nordhordland den 4. juni 2003 har statssekretær Arnfinn Ellingsen på besøk i Nordhordland blitt oppfatta slik at Samferdselsdepartementet ikkje ville gå inn for meir pengar til nye prosjekt i Hordaland fordi Framstegspartiet i forhandlingar med regjeringspartia hadde fått gjennomslag for 150 mill. kr meir til vegar. Kvifor meir pengar til veg skulle gi mindre veg, kjem derimot ikkje fram i avisartikkelen.
Kan statsråden forklare kva statssekretæren her har meint, og tar statsråden avstand frå eit slikt resonnement?
Vedlegg til spørsmål:
Artikkel i Avisa Nordhordland den 4. juni 2003, side 6.
Begrunnelse
Når Framstegspartiet i samband med forhandlingar med regjeringspartia om statsbudsjettet for 2003 fekk styrka vegbudsjettet med 150 mill. kr var dette sjølvsagt for å få bygd meir veg. Dersom denne styrkinga medfører at Samferdselsdepartementet reduserer løyvinga til nye vegprosjekt, er dette både ulogisk og langt på veg eit løftebrot frå Regjeringa si side. Derfor er det svært viktig å få oppklart kva statssekretæren her har meint, kva statsråden meiner om dette og kva som er Samferdselsdepartementet si offisielle haldning her.