Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:671 (2002-2003)
Innlevert: 16.06.2003
Sendt: 16.06.2003
Besvart: 24.06.2003 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): Statsråden skriv i underteikna svar på spørsmål nr. 503 at det ikkje er grunnlag for ein ekstraordinær gjennomgang av soneinndelinga av det distriktspolitiske virkeområdet no.
Kva er då grunnen til at Regjeringa likevel har føretatt ein gjennomgang, og peika ut fire kommunar i sone D, som skal få tilgang til alternativ til den differensierte arbeidsgivaravgifta, og kva er det som er særskilt med situasjonen i desse fire kommunane samanlikna med andre kommunar i sone D?

Begrunnelse

I mitt spørsmål nr. 503 viser eg til at det er svært vesentleg for kommunane kva sone innafor det distriktspolitiske virkeområdet ein kommune inngår i, for å få tilgang til dei kompensatoriske tiltaka etter bortfall av den differensierte arbeidsgivaravgifta. Eg nemnde at for mitt fylke, Sogn og Fjordane, er dette særleg viktig for kommunane Flora, Førde og Naustdal som er i sone D, medan dei andre kommunane i fylket er i sone C.
Statsråden skriv i sitt svar: "Eg ser ikkje at det er grunnlag for ein ekstraordinær gjennomgang av soneinndelinga i det distriktspolitiske verkeområdet no."
Trass i dette har Regjeringa likevel har gjort akkurat det den seier dei ikkje vil gjere, og plukka ut kommunane Herøy, Hareid, Ulstein og Aukra i Møre og Romsdal frå sone D, til likevel å få tilgang til kompensatoriske tiltak, utan at situasjonen for desse fire kommunane er drøfta opp mot situasjonen for andre kommunar i sone D. Statsråden tar heller ikkje med denne endringa i sitt svar til underteikna.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Det distriktspolitiske verkeområdet (sone A-C) er ikkje endra. Det kan heller ikkje endrast før frå 1. januar 2007 med mindre det skjer omfattande endringar i situasjonen i kommunar som ligg utanfor området. Det er såleis ikkje gjennomført nokon ekstraordinær revisjon av verkeområdet i samband med denne saka.
Ifølgje EØS-regelverket skal transportstøttekartet ligge innanfor det distriktspolitiske verkeområdet. Dette har ESA i brev til departementet etter notifiseringa gjeve uttrykk for. Etter mitt syn har ESA likevel ein moglegheit til å bruke eit visst skjønn innanfor gjeldande regelverk. Dei omtalte fire kommunane har ekstra store transportkostnader som følgje av manglande vegsamband til fastlandet. På denne bakgrunn har eg, så vel i notifikasjonen som i svarbrev til ESA av 5. juni 2003, foreslått å innlemme dei i verkeområdet for transportstøtte. Kommunane vil likevel framleis vere plassert i sone D, uavhengig av om dei inngår i eit verkeområde for transportstøtte eller ikkje.
Vi har òg vurdert å innlemme andre øykommunar i tilsvarande situasjon som Herøy, Hareid, Ulstein og Aukra. Det var dessverre ikkje mogleg/aktuelt sidan dei ligg i fylke som har for låge transportkostnader og som difor ikkje er notifisert.