Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til arbeids- og administrasjonsministeren

Dokument nr. 15:704 (2002-2003)
Innlevert: 20.06.2003
Sendt: 20.06.2003
Besvart: 01.07.2003 av arbeids- og administrasjonsminister Victor D. Norman

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): I statsbudsjettet for inneverande år er det innført eit tak på attføringsstønad.
Vil statsråden setje i verk noko for å sikra at unntaksregelen i forhold til dette taket blir gjort kjend og praktisert av dei tilsette i Aetat, og er statsråden framleis like nøgd som han var då han svara på skriftleg spørsmål nr. 393 den 21. mars d.å., eller vil han gjere ei ny vurdering?

Begrunnelse

Eg viser til artiklar i Velferd nr. 3 for 2003 og til erfaringar Forum for autoriserte IT-skoler har gjort seg. Det vert stilt spørsmål ved både sjølve taket og nivået på det samt på praktiseringa ved ulike lokalkontor i Aetat.

Victor D. Norman (H)

Svar

Victor D. Norman: Først vil eg prsesisere at regelen om unntak frå kostnadstaket sikrar at den einskilde skal få det attføringstiltaket han eller ho treng. Aetat Arbeidsdirektoratet har utarbeidd retningsliner for praktiseringa av unntaksregelen som opnar for særskilt tilrettelagt utdanning, slik som til dømes Funkweb kan gi, dersom dette er naudsynt.
Departementet har vore i kontakt med Forum for autoriserte IT-skoler, og kjenner til dei erfaringane deira medlemsskolar har med kostnadstaket. At skolar tilpassar eigne priser til kostnadstaket, viser at regelen verkar etter føresetnadene. Ein må og huske at attføringsstønadene er individuelle stønader som den yrkeshemma har rett til. Reglane må praktiserast ut ifrå omsynet til kva slags attføring den einskilde treng; ikkje ut ifrå kva skolane treng.
Eg viser elles til mitt svar på spørsmål til skriftleg svar nr. 393 den 21. mars 2003.
Aetat er beden om å evaluere kostnadstaket, i samsvar med Stortinget sitt vedtak i samband med behandlinga av budsjettet for 2003. I samband med dette skal Aetat mellom anna vurdere eigne retningsliner om praktiseringa av unntaksregelen. Evalueringa vil bli omtalt i St.prp. nr. 1 (2003-2004). Det som kjem fram i dei artiklane du viser til gir etter mi meining ikkje grunnlag for å vurdere endringar i regelverket før denne evalueringa ligg føre.