Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Vil statsråden setje i verk noko for at kommunar, fylkeskommunar og lokale interessegrupper som engasjerer seg i integreringsarbeid kan ha ein instans med ei koordinerande rolle å forholda seg til?
Begrunnelse
Eg let fylgjande døme eksemplifisera problemstillinga: Stavanger kommune, Rogaland fylkeskommune og Fabel film AS har samarbeidd om eit filmprosjekt mynta på foreldre til innvandrarbarn. Filmane er også tenkt nytta til opplæring av unge og vaksne om norske samfunnsforhold. Prosjektet synest å ha nasjonal interesse og bør såleis kunna kvalifisera til statsstøtte. Eg vil be statsråden tydeleggjera si eiga koordinerande rolle som integrasjonsminister ved å gå inn i ein dialog om realisering av prosjektet, eller eventuelt gje råd om andre statlege samarbeidspartnarar.