Gjermund Hagesæter (FrP): Frå 1. januar 2003 auka Posten Norge AS prisen på enkelte sendingar både innanlands og til utlandet. Mellom anna opplyser Hillesvåg Ullvarefabrikk at prisen for å sende ei pakke på ca. 20 kg ullprodukt til private i USA, Færøyane og Grønland har gått opp frå 550 kr til 3 730 kr. Dette er ein formidabel auke som har medført at enkelte bedrifter har fått store reduksjonar i eksportinntektene.
Kan statsråden forklare kvifor det var nødvendig å auke prisen på enkelte pakkeforsendingar så dramatisk som dette eksemplet viser, og vil statsråden ta initiativ til at denne formidable auken vert vurdert på nytt?
Begrunnelse
Grunnen til denne dramatiske auken er at Posten Norge AS frå 1. januar 2003 endra sitt fraktberekningssystem og gjekk over til volumberekning av pakker. Pakka sitt mål i dette eksemplet er: 930x580x640=345,216 dm3 (volumet på pakken). Med ein omregningsfaktor på 5 så legg Posten Norge AS til grunn at pakken på 20 kg "veg" 70 kg.
Prisen pr. kilo er 50 kr pluss grunnpris 170 kr pluss volumtillegg 60 kr gjer at prisen ender på 3 730 kr. Dette er ein auke på formidable 578 pst.
Utan volumberekning ville pakka på 20 kilo kosta 1 170 kr, mot tidlegare 550 kr. Altså ein auke også her på solide 112 pst.
Det seier seg sjølv at når ein slik auke vert innført i eit hopp vil dette få store konsekvensar for mange bedrifter og markedsandelar vil gå tapt.