Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til arbeids- og administrasjonsministeren

Dokument nr. 15:733 (2002-2003)
Innlevert: 30.06.2003
Sendt: 30.06.2003
Besvart: 09.07.2003 av arbeids- og administrasjonsminister Victor D. Norman

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Vil statsråden gjere noko for å sikra at den kompetansen arbeidsledige lærarar representerer framleis kan nyttast i skulen?

Begrunnelse

Ei undersøking Fafo har føreteke for Utdanningsforbundet fortel at 1 100 lærarar kan vorta oppsagde som fylje av stram kommuneøkonomi. 1 000 nyutdanna lærarar står i fare for å ikkje få arbeid innafor eiga fagfelt. Aetat i Rogaland åleine hadde 186 ledige lærarar registrert i mai, og i juni ventar ein at talet vil auka ytterligare.
Eg vonar Regjeringa i samarbeid med Aetat og KS kan sikra at verdfull kompetanse kan nyttast i skulen. Det synest meiningslaust å først vedta eigne rekrutteringstiltak og så slå handa av dei som let seg rekruttera. Det kan heller ikkje vera særleg klokt med tanke på stor avgang om få år som fylgje av dagens alderssamansetjing i skuleverket.

Victor D. Norman (H)

Svar

Victor D. Norman: Sysselsetjinga i offentleg sektor har vakse sterkt i dei seinare år og har gjeve arbeid til ein stor del av dei som nettopp har avslutta høgare utdanning. Det er no klare teikn på at arbeidsmarknaden i offentleg sektor ikkje lenger kan ta i mot like mange av dei nyutdanna med slik utdanning. Dette har ramma mange, mellom anna personar med kompetanse frå helse- og omsorgssektoren, undervisning og sakshandsamare i offentleg sektor.

Ifølgje Aetat sine bedriftsundersøkingar både i år og i tidlegare år har det vore liten mangel på både grunnskulelærarar og faglærarar i den vidaregåande skulen. Når det gjeld undersøkinga frå Fafo som du viser til, vil den nemnde reduksjonen på om lag 1 000 lærarstillingar stort sett kunne gjennomførast ved naturleg avgang. Den svake nedgangen i talet på årsverk i grunnskulen som vi har vore vitne til i det føregåande år, har stort sett skjedd ved ein reduksjon i talet på ufaglærte. Sjølv om dette kan ha medverka til ein forverra situasjon for lærarar, er den likevel betre for dei enn for dei fleste andre yrkesgrupper med omsyn til grad av arbeidsløyse. Arbeidsløysa for personar innanfor undervisningsarbeid har i dei 5 første månedane ikkje vore høgare enn 1,5 pst. I juni nærma arbeidsløysa seg 2 pst. Dette er om lag halvparten av den totale arbeidsløysa. Det er fyrst ei tid etter skulestart at vi kan sjå korleis arbeidsløysa for lærarar faktisk vert. Mykje kan endra seg i perioden fram til då for denne gruppa.

Eg finn det ikkje tenleg å øyremerke arbeidsmarknadstiltak for særskilde yrkesgrupper. Eg legg opp til at Aetat best kan vurdera moglege tilbod om tiltak ut i frå den einskilde sitt behov.

Regjeringa tek auken i talet på arbeidslause særs alvorleg og har derfor kome med framlegg om fleire ressursar til Aetat og fleire tiltaksplassar. Dette har Stortinget vedteke i ettertid. Desse ressursane vil leggje forholda til rette for at dei arbeidslause får hjelp til å skaffe seg arbeid. Lærarar har ein kompetanse som gjer at dei har føresetnad til å skaffe seg andre jobbar. Historia har vist at arbeidsmarknaden er fleksibel, og at det er mogleg å finne seg anna arbeid for ein periode før ein kan få den jobben ein ønskjer seg.