Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:742 (2002-2003)
Innlevert: 01.09.2003
Sendt: 03.09.2003
Besvart: 09.09.2003 av utdannings- og forskningsminister Kristin Clemet

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Vil statsråden gjere noko for å imøtekoma Folkeuniversitetet si oppmoding om føreseielege økonomiske ordningar for dei mange tusen einskildpersonane som tek universitets- og høgskuleeksamenar som privatistar?

Begrunnelse

Eg viser til brev av 18. august frå Folkeuniversitetet til statsråden der det vert uttrykt stor uro i forhold til fastsetjing av eksamensgebyr for privatistar. Å ha høve til å fylgja undervisning frå heimstaden sin gir langt fleire høve til å sikra seg formell kompetanse. Det er krevjande for den einskilde dette gjeld, fordi ein ofte kombinerer studiar med arbeid eller sosiale plikter. I ei tid med aukande arbeidsløyse bør det etter mitt syn verdsetjast ekstra høgt frå samfunnet si side at mange nyttar dette høvet til ytterlegare fagkompetanse. Senterpartiet meiner det er urovekkjande at eksamensgebyra ikkje er fastsette og at det er gjeve signal om at store endringar kan koma. Vi vil be statsråden avverja at dei mange privatistane vert ei eiga stor inntektskjelde for utdanningsinstitusjonane. Eksamensgebyr bør haldast låge. Det vil sikra flest mogleg høve til å delta. Ein monaleg auke i forhold til dagens satsar, vil verka både kvinne- og distriktsfiendtleg. Folkeuniversitetet ber om prolongering av dagens ordningar ut skuleåret og at ei breitt samansett gruppe førebur naudsynte endringar. Vi ber statsråden visa ansvar og romslegheit og imøtekoma Folkeuniversitetet sine ynskje.

Kristin Clemet (H)

Svar

Kristin Clemet: Eit av måla med kvalitetsreforma er å få studentane til å lukkast betre med studia sine. For å nå dette målet må utdanningsinstitusjonane ta i bruk meir varierte lærings- og vurderingsformer og gi studentane jamleg tilbakemelding om sitt eige læringsutbytte. Tettare oppfølging av studentane krev ressursar, og utdanningsinstitusjonane må prioritere dei studentane som er tekne opp til studium ved institusjonen. Lov om universiteter og høgskoler gir heimel for styret til å fastsetje at studentar som ikkje er tekne opp ved institusjonen, skal betale eit eksamensvederlag som dekkjer meirkostnadene ved å halde slik eksamen. Universitet og høgskolar skal ikkje tene pengar på å arrangere eksamen for denne gruppa av studentar. Det går klart fram av lova og merknadene til lova at eksamensgebyret ikkje kan setjast høgre enn dei reelle utgiftene. Når ein no i mindre grad vil arrangere tradisjonelle eksamenar for store grupper av studentar, vil kostnadene for privatisteksamen stige. Dette er naturleg sett i lys av at ein i større grad må utforme eigne eksamenar for denne gruppa for å få prøvd kunnskapane deira.
Eg er samd i at eit desentralisert studietilbod og fjernundervisningstilbod er viktig for å sikre at ein større del av folket kan ta høgre utdanning. Utgangspunktet til Regjeringa er at den statlege finansieringa av desentralisert utdanning skal skje gjennom høgskolane og universiteta. I statsbudsjettet for 2003 vart det fordelt 30 mill. kr til delvis dekking av meirkostnadene høgskolane har ved desentraliserte tilbod. Denne løyvinga omfattar òg studietilbod som høgskolane gir i samarbeid med lokale studiesenter.
Folkeuniversitetet ber om at departementet skal avgjere at dei gamle satsane for eksamengebyr skal gjelde ut studieåret. Etter § 40 nr. 4 i lov 12. mai 1995 nr. 22 om universiteter og høgskoler er det styret ved den einskilde institusjon som har fullmakt til å fastsetje eksamensgebyr. I saker der Stortinget har gitt avgjerdsrett til institusjonane, ønskjer ikkje departementet å instruere institusjonane i einskildsaker.
Folkeuniversitetet ber også om at det vert sett ned ei breitt samansett gruppe for å vurdere problemstillingar knytte til privatistordninga. Departementet ventar på at det lovutvalet som er nemnt opp for å utgreie ei felles lov for statlege og private utdanningsinstitusjonar, skal levere innstilling. Det er venta at utvalet vil kome med forslag om gjennomgripande endringar i lovverket. Det vil difor etter mitt syn vere naturleg at ein vurderer eventuelle endringar i lova under eitt. Eg vonar at Folkeuniversitetet vil formidle sitt syn på dei aktuelle lovreglane i høyringsrunden.