Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:74 (1997-98) Innlevert: 09.02.1998 Sendt: 09.02.1998 Besvart: 16.02.1998 av samferdselsminister Odd Einar Dørum
Hallgeir H. Langeland (SV): "Samferdsleministeren er sikkert kjend med at det vert arbeidd for å etablere ei ny høgfartsbaneløysing frå Oslo til Haugesund/Bergen. Fleire kommunar i Telemark, Hordaland og Rogaland er aktivt med for å fremje bygging av banen. Det er private investorar inne som moglege utbyggarar, men beste løysinga ville vore NSB deltok i det vidare planarbeidet. Det gjer nok selskapet ikkje utan politiske signaler.Vil statsråden gi slike signal, evt. kva råder han interessentane å gjere?"
Odd Einar Dørum: Eg er kjend med at det foregår eit arbeid for å få bygd ein ny høgfartsbane frå Oslo til Haugesund og Bergen, gjerne omtala som Haukelidbanen. Selskapet Sørnorske Høgfartsbanar, som blir finansiert av mellom anna ei rad kommunar, står bak dette arbeidet.Eg vil syne til gjeldande jernbanepolitikk som har vore drøfta i Stortinget fleire gonger i den seinare tid, jf. mellom anna St.meld. nr. 32 (1995-96)/ Innst. S. nr. 21 (1996-97) Om grunnlaget for samferdselspolitikken, St.meld. nr. 36/Innst. S. nr. 227 (1996-97) Om avveininger, prioriteringer og planrammer for transportsektorene 1998-2007 og St.meld. nr. 39/Innst. S. nr. 253 (1996-97) Norsk jernbaneplan 1998-2007. Gjennom handsaminga av desse meldingane har Stortinget, med brei politisk semje, trekt opp hovudretningslinene for jernbanen si rolle i det samla norske transportsystemet, og den utvikling av jernbanen som følgjer av dette. Prosjektet Haukelidbanen er korkje prioritert i denne tiårsperioden eller innpassa i dei kriteria som planane byggjer på om kvar det først og fremst skal satsast på jernbanen i åra som kjem. I staden skal det satsast på framleis omfattande statleg kjøp av persontogtenester innan nærtrafikk, intercitytrafikk og region/lokaltog, med tilhøyrande utvikling av køyrevegen, utvikling av køyrevegen på dei tre eksisterande fjerntogstrekningane mellom Oslo og høvesvis Stavanger, Bergen og Trondheim, for mellom anna å legge desse strekningane til rette for bruk av krengetogmateriell, utvikling av køyreveg og terminalar som betrar vilkåra for godstrafikken, sikring av standarden i nettet elles.Desse tiltaka for vidare utvikling av jernbanen i Noreg krev store statlege løyvingar, som Êg vil måtte gå ut over den tiårsperioden som gjeldande planar omhandlar. Det er difor uaktuell politikk for staten no å engasjere seg i omfattande utgreiing og planlegging av nye banestrekningar, og eg vil heller ikkje gje slike politiske signal til Jernbaneverket. Etter delinga av NSB 1. desember 1996 er det no det statlege forvaltningsorganet Jernbaneverket som ivaretek planlegging og utvikling av jernbanens infrastruktur, medan det statseigde transportselskapet NSB BA står for mesteparten av togdrifta.Det er i utgangspunktet ikkje mi sak å gje råd om korleis kommunale og private interessentar bruker sine ressursar. Eg har heller ikkje grunnlag for å uttale meg om det i dag er mogleg å finne private investorar som er villige til å satse pengar på eit så stort jernbaneprosjekt som det her er tale om. Eventuell vidare planlegging må som for andre prosjekt skje etter føresegnene i plan- og bygningslova om konsekvensutgreiingar, høyringar m.m.