Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Vil statsråden ta initiativ til å sikra brukarane av Tau-sambandet høgare frekvens og betre kvalitet på ferjemateriellet?
Begrunnelse
Eg vonar statsråden tek seg tid til ei vitjing til Stavanger, slik at ho ved sjølvsyn kan sjå korleis situasjonen no er og også møta aktuelle aktørar. Tau-sambandet er det ferjesambandet i landet med flest personar som pendlar. Det går i tillegg ei monaleg mengd godstransport frå Ryfylke til Nord-Jæren. Dette gjeld fleire daglege vogntog frå eit aktivt havbruk, det gjeld også ei rekkje landbruksprodukt og mykje annan næringstrafikk. Mange næringsdrivande har behov for å ta bilen med over fjorden fordi dei har oppdrag som treng biltransport.
Det er kome ei hurtigferje i dette sambandet. Det har medført reduksjon av reisetida frå 40 til 25 minutter, og er ei gledeleg og velkommen betring. Frekvensen er av same grunn underleg nok redusert. Medan det ei tid har vore tre ferjer i rute her, er talet no to. Det medfører til dømes at det i rushtrafikken om morgonen er uhaldbar lang ventetid både på Tau og i Stavanger. Hurtigferja har hatt innkøyringsvanskar. Reserveferjene er lite moderne, tek få bilar og brukar like lang tid som fleire tiår tilbake. Det ideelle vil vera to hurtigferjer. Ei tredje ferje bør kunna realiserast raskt som ei mellombels løysing. Stortinget har gjeve grønt lys bygging av gassferjer. Departementet har motteke søknad frå selskap i Hordaland og Rogaland. Det hastar med oppfølging frå statsråden.
Det er brei lokal- og regionalpolitisk semje om at Ryfast i 2007 skal avløysa Tau-sambandet. Eg ber statsråden ta på alvor dei meirkostnadene for næringslivet og den utryggleiken og frustrasjonen som brukarane av sambandet i dag opplever. Det kan ho gjera ved å ta initiativ til tiltak både akutt og på lenger sikt.