Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kultur- og kirkeministeren

Dokument nr. 15:765 (2002-2003)
Innlevert: 12.09.2003
Sendt: 12.09.2003
Rette vedkommende: Samferdselsministeren
Besvart: 22.09.2003 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Ifølgje NTB har samferdselsministeren gitt grønt lys for kraftig auke av porto for aviser og blad. Dette er ei dramatisk endring av rammevilkåra for mange lokalaviser, organisasjonsblad og også for riksaviser som blir distribuerte gjennom Posten.
Kva er grunngjevinga for å setja til sides dei kulturpolitiske omsyn som så langt har lege til grunn for avtalen om låg porto?

Torild Skogsholm (V)

Svar

Torild Skogsholm: Spørsmålet er overført fra kultur- og kirkeministeren til samferdselsministeren.

I konsesjonen til Posten punkt 3.4, første avsnitt, heiter det følgjande:

"Posten skal tilby formidling av leveringspliktige tjenester angitt over i punkt 3.1 og 3.2 til kostnadsbaserte priser og på objektive, oversiktlige og ikke-diskriminerende vilkår. Tilsvarende krav gjelder for rabatter."

Distribusjon av aviser og blad er ei leveringspliktig teneste. Kostnader til porto i denne samanheng er omfatta av kravet til kostnadsbasering i konsesjonen til Posten av 26. september 2001. Det er Post- og teletilsynet (tilsynet) som kontrollerer at vilkåra i konsesjonen til Posten blir etterlevde.

Posten har fram til i dag praktisert redaksjonelt innhald som kriterium ved fastsetting av porto for aviser og blad. Posten si praktisering er i strid med kravet i konsesjonen til utrekning av kostnader på transparente vilkår. Eit kriterium basert på innhald kan og vere i strid med EU sitt postdirektiv (97/67/EF). Artikkel 12 i postdirektivet krev at det vart utrekna kostnadsbaserte priser for leveringspliktige tenester.

Etter det eg kjenner til liknar situasjonen i Sverige på den i Noreg. Svenske Posten har hevda at distribusjon av aviser og blad vart prisa for lågt, og har i den samanheng auka portotakstane kraftig. Prisauken har vorte møtt av protestar frå avisutgjevarane. Det svenske post- og teletilsynet opplysar at dei pr. dato ikkje har gjort nokre analysar av kostnadsrekninga for distribusjon av aviser og blad.

Etter det eg kjenner til har Danmark ei ordning med statlege tilskot for aviser og blad. Produkta vert dermed ikkje finansiert ved intern kryssubsidiering.

Etter klager over praktiseringa til Posten av innhald som kriterium ved prisfastlegging av avis- og bladporto, bad tilsynet 12. august 2003 Samferdselsdepartementet om ei uttale i høve saka innan 15. september 2003 (før tilsynet gjer vedtak i saka). Tilsynet har så langt ikkje gjort vedtak i denne saka.

I forkant av førespurnaden frå tilsynet var det ei drøfting mellom tilsynet og Posten, der Posten gjorde framlegg om ei overgangsordning frå innhald som kriterium til eit kostnadsorientert regime. Overgangsordninga blei av Posten tilrådd å vare fram til 1. januar 2005.

Samferdselsdepartementet gav i brev av 8. september 2003 vurderingar om korleis konsesjonen til Posten bør tolkast med omsyn til prisfastlegging for porto ved distribusjon av blad og aviser. Samferdselsdepartementet har i brevet lagt føringar for ein overgangsperiode frå praktisering av eit innhaldskriterium til kostnadsbaserte priser. Brevet følgjer vedlagt.

Då det gjer seg gjeldande særlege kulturpolitiske omsyn i saka, tilrår Samferdselsdepartementet ein lenger overgangsperiode (fram til 1. januar 2006) enn det Posten sjølve foreslo for tilsynet.

Samferdselsdepartementet skriv i sin uttale følgjande om dei kulturpolitiske omsyn i saka:

"I denne saken gjør det seg gjeldende helt særegne kulturpolitiske hensyn i forhold til avis og tidsskrifter som vil bli rammet av overgangen til et kostnadsorientert regime for blad- og avisporto. Bortfall av dagens ordning vil særlig ramme medier med mindre opplag og med abonnenter i hovedsak bosatt i Distrikts-Norge. Av hensyn til de berørte gruppers mulighet for å tilpasse seg de nye prinsippene for prisfastsettelse, er det etter departementets syn nødvendig med en gradvis omlegging av innholdsbasert prisfastsetting, fremfor en umiddelbar omlegging av prissystemet. En slik overgangsfase bør også være av en viss lengde, slik at lokalavisene og Posten får tid til å forberede seg på det nye prissystemet."

Eg vil understreka at omlegginga av prisfastlegging for avis- og bladporto vil finne stad gradvis, og at kulturpolitiske omsyn ikkje er sett til sides i vurderingane som er gjort. Posten må snarast skissere ein plan for korleis den gradvise overgangen til kostnadsrekning skal finne stad.

Vedlegg til svar:

Brev datert 8. september 2003 fra Samferdselsdepartementet til Post- og teletilsynet om kostnadsbasert prisfastsettelse for blad- og avisporto. Referanse: 03/1707-3 HG.