Åsa Elvik (SV): Vil fiskeriministeren ta nødvendige grep for å sikre ei samla løysing ved salet av Øksnesfisk AS og Myre Fiskeindustri AS, og kva vil fiskeriministeren eventuelt gjere for å sikre at dei to trålkonsesjonane som høyrer til selskapet Øksnesfisk AS, framleis skal vere grunnlag for fiskeindustriverksemd på land på Myre?
Begrunnelse
Det er no kjend at eigarane av Øksnesfisk AS og det konkursramma Myre Fiskeindustri AS, Nordic Sea Holding AS og West Fish Aarsæther AS, ønskjer å selje trålarane og industriverksemda kvar for seg til høgstbydande om dei får aksept for dette (jf. utsegner frå administrerande direktør Bjørnar Kleiven til NRK Nordland, torsdag 11. september 2003).
Formannskapet i Øksnes har samla seg i synet på at trålarane (Øksnesfisk AS) og industriverksemda (Myre Fiskeindustri AS) bør seljast samla for å sikre industriverksemda på land.
Det har kome utsegner om at store delar av fangsten levert i Myre hamn i løpet av 2003 har vorte frakta ubearbeida ut av kommunen. I konsesjonsvilkåra for dei aktuelle trålarane går det fram at råstoffet skal leverast og foredlast i kommunen. Skal dette kunne oppfyllast, krev det sjølvsagt at det er tilstrekkeleg kapasitet på land til å foredle råstoffet. Dette er bakgrunnen for at Øksnes kommune ønskjer ei samla løysing for salet.
Ein stiller seg no spørsmålet om det vil bli godtatt at trålarane blir selt utan at ein har sikra at der er kapasitet på land til å ta imot råstoffet som desse trålarane etter vilkåra skal levere på Myre. Viss så skjer, kan ein hevde at premissane for desse trålkonsesjonane ikkje lenger er til stade, og at dei dermed bør trekkast tilbake.