Gjermund Hagesæter (FrP): Ferjestrekninga Breistein-Valestrandsfossen har tidlegare gått i økonomisk balanse utan noko form for subsidiar. Ifølgje Bygdanytt og Ostringen har likevel tal trafikantar den siste tida gått merkbart ned. Noko som igjen har medført bekymring om at tilbodet kan bli redusert, eller lagt ned. Ei nedlegging av sambandet kan medføre opp til 45 min. omkjøring.
Vil ei forverring av økonomien til dette ferjesambandet utløyse noko form for statsstøtte eller risikerar dei reisande at tilbodet kan bli lagt ned?
Begrunnelse
I tillegg til dette sambandet har Osterøy også brusamband til fastlandet. Cirka 2/3 av dei kollektivreisande til/frå Osterøy reiser pr. i dag over Valestrandsfossen-Breistein.
Nedlegging av dette sambandet vil derfor også medføre dårlegare vilkår for svært mange av dei som nyttar kollektivtilbodet.
Fordi mange er bekymra for at ei nedlegging kan skje svært raskt, er det viktig at statsråden gir eit klart svar på om Regjeringa har tenkt å foreta seg noko i samband med dette.