Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til arbeids- og administrasjonsministeren

Dokument nr. 15:43 (2003-2004)
Innlevert: 13.10.2003
Sendt: 14.10.2003
Rette vedkommende: Sosialministeren
Besvart: 20.10.2003 av sosialminister Ingjerd Schou

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Meiner statsråden at sluttpakkar som følgje av nedbemanning i ei statleg verksemd skal innehalda rett til sjukepengar?

Begrunnelse

Ein arbeidstakar som hadde vore tilsett i Telenor i 22 år, laut gå frå arbeidet sitt med ei sluttpakke som inneber løn i 21 månader. Sluttpakken vert utbetalt i to ratar og innberetta som løn. På trygdekontoret har han fått opplyst at han ikkje har rett på sjukepengar ved sjukdom, vidare at han korkje har rett på dagpengar eller sjukepengar viss han er sjuk når dei 21 månadene er gått. Dette vart ikkje opplyst av Telenor då avtalen vart gjort. Eg ser gjerne at statsråden gjer greie for om eit slikt avtalegrunnlag er vanleg i statlege verksemder og om han meiner det er slik det bør vera.

Ingjerd Schou (H)

Svar

Ingjerd Schou: Spørsmålet er oversendt fra arbeids- og administrasjonsministeren til sosialministeren. Spørsmålet berører begge departement.

Hovedsvaret fra sosialministeren:

Under mellombels fråver frå inntektsgjevande arbeid kan ein få sjukepengar dersom sjukmeldinga fell innafor dei første tre månadene. For personar som har ferie, lovbestemt permisjon og liknande gjeld særskilde reglar. I framlegg til statsbudsjettet for 2004 er denne grensa foreslått endra til ein månad. Personar som mottek dagpengar har rett til sjukepengar frå første dag om dei vert sjuke, uavhengig av tidspunktet for sjukmeldinga.

Det vert ikkje gitt dagpengar i perioden vedkomande mottek sluttvederlag/etterløn. Med andre ord får ein person som vert sjukmeldt i den perioden det er utbetalt sluttvederlag for (dvs. i perioden der ein ikkje har dagpengerett) ikkje sjukepengar om sjukmeldingstidspunktet fell utafor dei første tre månadene.

Sluttløn og liknande ytingar frå arbeidsgjevaren suspenderer retten til dagpengar, samstundes som ein risikerer å felle utanom sjukepengeordninga. Den aukande omstillinga i dagens arbeidsliv har aktualisert denne problemstillinga. Dette er bakgrunnen for at Regjeringa i budsjettet og i Ot.prp. nr. 10 (2003-2004) Om lov om endringar i folketrygdloven og i enkelte andre lover (samleproposisjon høsten 2003) har foreslått at denne persongruppa skal få utvida perioden kor sjukepengeretten er i behald til seks månader.

Delsvaret fra arbeids- og administrasjonsministeren:

Eg vil først gjere merksam på at stortingsrepresentant Kleppa sitt "hovudspørsmål" er send sosialminister Ingjerd Schou som rette vedkommande, då det er Trygdeetaten som handhever reglane om sjukepengar.

Eg finn det likevel formålstenleg å kommentere einskilde delar av grunngjevinga, då dette er mitt ansvarsområde. Først vil eg gjere merksam på at Telenor ikkje er ein del av staten som juridisk person. Det er Telenor som sjølv avgjer bruk av sluttvederlag, og rutinar for informasjon. For statlege verksemder (del av staten som juridisk person), er det laga standardkontraktar til bruk ved avtale om sluttvederlag. Desse kontraktane gjer greie for mange viktige forhold, mellom anna sjukepengar og dagpengar. Ein rar ikkje sjukepengar om ein vel å ta i mot sluttvederlag.

Sluttvederlaget vert rekna med i minstegrunnlaget for rett til dagpengar og i dagpengegrunnlaget. Dersom ein er sjuk, er ein ikkje reell arbeidssøkjar, og vil ikkje få dagpengar. Dette gjeld heilt uavhengig av ordningar med sluttvederlag.

Til slutt vil eg nemne at sluttvederlag er ei ordning som er frivillig, og har til føremål at den einskilde sjølv kuttar bandet til arbeidsgjevar, mot at han/ho får ein sum pengar.