Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til sosialministeren

Dokument nr. 15:85 (2003-2004)
Innlevert: 28.10.2003
Sendt: 28.10.2003
Besvart: 03.11.2003 av sosialminister Ingjerd Schie Schou

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Meiner statsråden det er urimeleg at uføregraden vert sett ned om ein person uforvarande overstig friinntekta på 1 G, og vil ho ta initiativ for å presisera ein praksis der trygdeetaten kan nytta skjøn i slike tilfelle?

Begrunnelse

Eg viser til ei sak som er omtala m.a. i VG den 26. oktober og i Stavanger Aftenblad den 27. oktober. Saka gjeld ein person som er 100 prosent ufør. Personen skriv sporadisk nokre avisartiklar og har såleis ei ekstrainntekt under grensa for tillaten inntekt. Han har etter det han sjølv seier heller ikkje arbeidskapasitet utover det. Han har no motteke eit eingongsbeløp som gjer at han overstig 1 G og har fått melding at dette medfører vedtak der uføregraden hans er nedsett. Ordninga med friinntekt krev ryddigheit både frå den trygda og frå trygdeetaten. Eg finn det likevel urimeleg dersom trygdeetaten ikkje har høve til ved skjøn å finna ei løysing som både etaten og den trygda kan akseptera i eit einskildtilfelle som dette. Eg vonar statsråden deler dette standpunktet og at ho klargjer ein praksis som gir høve til i unntakstilfelle å nytta skjøn.

Ingjerd Schie Schou (H)

Svar

Ingjerd Schie Schou: Uførepensjonistar kan etter gjeldande regler ha inntekt inntil eit grunnbeløp (56 861 kr) pr. år utan at uførepensjonen blir redusert. Når inntekta overstig grunnbeløpet, skal uførepensjonen/uføregraden revurderast. I det konkrete tilfellet har vedkommande person ifølgje Fylkestrygdekontoret i Rogaland fått utbetalt 12 000 kr frå Norges Fotballforbund som godtgjøring for utførd arbeid. Dette medførte at han overskred friinntektsgrensa fordi han allereie hadde noe arbeidsinntekt ved sidan av trygda. Uføregraden blei som følgje av dette redusert frå 100 til 90 prosent. Uføregraden skal etter revurdering avspegla det faktiske inntektstapet som stønadsmottakaren har, sett i forhold til den inntekta han hadde før han blei ufør. Dersom vedkommande i åra framover ikkje lenger vil ha inntekt ved sidan av uførepensjonen, vil han kunne søkje om å få tilbake full uførepensjon.
Regelverket er heilt klart på dette punktet. Det er ikkje rom for skjønn. Eg ser heller ikkje grunn til å endre dagens praksis. Skjønnsutøving vil ofte kunne medføre forskjellsbehandling. Etter mi meining bør praksis vere den same for alle tilfelle som har inntekt ved sidan av uførepensjonen.