Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:97 (2003-2004)
Innlevert: 04.11.2003
Sendt: 04.11.2003
Besvart: 11.11.2003 av miljøvernminister Børge Brende

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): I svar på finanskomiteen ved SV sin fraksjon av 13. oktober 2003 sitt spørsmål omkring nedlegginga av kartkontoret i Sogn og Fjordane, skriv Miljøverndepartementet i sitt svar: "Forslaget frå Statens kartverk er basert på ei fagleg og heilskapleg vurdering, kor forslaget frå ei intern arbeidsgruppe er eit av fleire element i prosessen."
Kva er dei andre elementa, og korleis vil statsråden forklare at kontoret i Sogn og Fjordane har eit rekruttering- og kompetanseproblem slik kartverksjefen påstår?

Begrunnelse

I svaret til SV sin finansfraksjon skriv Miljøverndepartementet òg at brevet frå kartverksjefen (av 24. september 2003) har ei god grunngjeving for val av kontor som ikkje skal vidareførst.
I brevet er kontoret i Sogn og Fjordane foreslått nedlagt, trass i at prosjektgruppa av 18. august 2003 i si faglege tilråding ikkje foreslår å legge ned kontoret. Kartverksjefen grunngjev si nedlegging med følgjande: "Sogn og Fjordane er et kontor som det har vist seg å være vanskelig å bemanne med ny kjernekompetanse."
Dette argumentet kjenner verken dei tilsette på kontoret seg igjen i, eller andre offentlege eller private verksemder som rekrutterer fagfolk i det same området. Mellom anna skriv fylkesmannen i Sogn og Fjordane i sitt brev til Miljøverndepartementet av 26. september 2003: "Det er dessutan eit større fagmiljø i Leikanger på geodatasida en det kartverksjefen tykkjest å tru. Både fylkeskommunen og fylkesmannen har GIS-kompetanse, og Asplan Viak Internet (Avinet) er etablert her med om lag 10 arbeidsplassar." Vidare skriv fylkesmannen: "Det er heller ikke rett at det er vanskelig å få tilført kompetanse til Leikanger. Seinast ved utlysing av stillingar til norge.no som vart avslutta sist helg, var det 104 søkjarar. Ein halvdel av desse kjem frå regionen, den andre halvdelen frå andre stader i landet."
Same tilbakevising av påstanden kjem òg m.a. frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, som i sitt brev til Miljøverndepartementet av 1. oktober 2003 skriv: "Det er ikkje rett at det er vanskeleg å få tilført kompetanse til Leikanger. Til dømes var det nyleg 42 søkjarar til ei utlyst stilling i fylkeskommunen si IKT-teneste, dei fleste med svært høg kompetanse."

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Statens kartverk har, etter at St.meld. nr. 30 (2002-2003) "Norge digitalt - et felles fundament for verdiskaping" blei lagt fram, sett i verk mange prosessar for å følgje opp intensjonane i meldinga.
Stortinget slutta seg til ein reduksjon i antal fylkeskartkontor frå 18 til 12, med opning for ytterlegare reduksjon. Eg har lagt til grunn kartverksjefen sin heilheitlege vurdering i dette spørsmålet, og kan ikkje leggje til grunn eit internt arbeid i Statens kartverk som har gått inn for å gå vidare med fleire kontor enn det både regjering og storting har lagt til grunn. Det er naudsynt å sjå dei mange prosessane i samanheng for å få eit mest mogleg effektivt kartverk i framtida, medan den interne gruppa som det visast til har gjeve ei anbefaling i eit enkeltståande spørsmål.