Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:98 (2003-2004)
Innlevert: 04.11.2003
Sendt: 05.11.2003
Besvart: 12.11.2003 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Dagbladet har gjennom ei rekkje artiklar sett søkelyset på at piper bygde mellom 1969 og 1987 kan vera ein brannfare. Det kan sjå ut som om både produsentar, fagfolk og styresmakter kan ha undervurdert følgjene av utette piper, sprekkdanning og monteringsfeil.
Vil statsråden ta initiativ til ei orientering overfor Stortinget i denne saka?

Begrunnelse

Noreg ligg urovekkjande høgt når det gjeld talet på bustadbrannar. Det er difor svært viktig både med haldningskapande arbeid overfor byggherrar og bransjar og med regelverk som ivaretek førebygging, faglege råd og tilsyn.
Norsk Brannvernforening har bedt om ein tilstandsgjennomgang når det gjeld dei aktuelle pipene. Eg ber statsråden stadfesta at ho vil fylgja opp det ynskjet. Eg ber også om at Regjeringa vurderer om dagens retningslinjer for tilsyn og feiing synest gode nok, og om det er urimeleg forskjell på regelverket i Noreg og Sverige. Eg meiner orienteringa også må belysa det ansvaret som er mellom byggherre og produsent, samt kva som skal til for å hindra at faglege råd over mange år kan ha blitt totalt sett bort frå.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Først av alt vil eg uttrykkje uro over at det er skapt ein situasjon som kan svekkje tilliten til styresmaktene på brannvernområdet, og ikkje minst den frykta som mange huseigarar no kan ha om deira eiga pipe er trygg nok.

Reglane som gjeld oppsetjing av fyringsanlegg i bustad fell inn under ansvarsområdet til mitt departement. Derimot fell ansvaret for brannførebyggjande tiltak og tilsyn, medrekna feiing, inn under Justis- og politidepartementet. Etter avtale med justisminister Odd Einar Dørum svarer eg på spørsmålet for begge departementa.

Styresmaktene på brannvernområdet har ei klar oppgåve i å leggje til rette for tryggleik for enkeltindivid og lågast mogeleg risiko og kostnad for samfunnet. Nedanfor fortel eg kort korleis dette arbeidet er organisert, litt om ansvarsforhold mellom huseigar og pipeprodusent, og undersøkingar som er gjort om den aktuelle pipetypen.

Dei påstandane som er komne fram i Dagbladet gjeld fleire forhold, og dei er alvorlege. På grunn av dette, og på grunn av at påstandane gjeld tilhøve som ligg eit godt stykkje attende i tid, vil eg få lov til å kome attende med meir informasjon i ei høveleg form til Stortinget ein gong i vårsesjonen 2004, som på ein god måte vil gjere greie for dei spørsmåla som har vore reist i media om desse pipe-sakene.

Dei aktuelle pipene er blitt grundig granska av Statens bygningstekniske etat (BE), Direktoratet for brann og eltryggleik (DBE, no DSB) og SINTEF (Norges branntekniske laboratorium, NBL). Dette arbeidet har konkludert med at pipene fungerer tilfredsstillande også med små innvendige sprekker, og at slike sprekker ikkje utgjer nokon brannrisiko. Men det vert framheva at større avskal og/eller lengre vertikale sprekker må utbetrast.

Den største faren for at det skal oppstå brann, er likevel at pipa eller eldstaden er montert feil. Ein slik feil vil kunne finnast i alle fyringsanlegg uavhengig kva type det gjeld eller kven det er som er produsenten.

Eg registrerer at dette er sjette gongen sidan 1994 ein statsråd svarer på spørsmål frå Stortinget om temaet "uttette elementpiper". I tillegg har statsrådar, departementet, ytre etatar og SINTEF svart på ei mengd spørsmål om det same dei siste 10 åra. Situasjonen er såleis ikkje at faglege råd over mange år er blitt totalt sett bort frå. Saka er grundig vurdert. Eg må likevel konstatere at det framleis er usemje om årsaker og konklusjonar mellom styresmakter og etablerte fagmiljø på den eine sida, og nokre få fagpersonar utanfor desse miljøa på den andre.

Regelverket i Noreg og Sverige når det gjeld prøvemetodar for elementskorsteinar er nokså like. Den norske prøvingsmetoden stiller strengare krav enn den svenske med omsyn til branntryggleik, mens krava til tettleik er like.

Ansvarsforholdet mellom byggherre og produsent i byggjereglane er slik at byggherren (eller tiltakshavaren) skal sjå til at produktet er tilfredsstillande dokumentert, mens det er produsenten som skal dokumentere at produktet ligg innanfor krava i teknisk forksrift kva gjeld tryggleik, helse, miljø og bruksverdi.

Kun om lag 5 pst. av alle brannar har i dag eldstad eller pipe som årsak. I 1995 vart det gjort ei undersøking av alle desse brannane, og undersøkinga synte at heile 80 pst. var grunna i feil montering eller feil bruk av sjølve eldstaden. Feilmonterte eldstader, dårleg eller manglande brannmur og gamle ettsjikts teglsteinspiper var viktige årsaker til at ordninga om feiing og tilsyn med fyringsanlegg blei lagt om frå 1. juli 1998. Ordninga blei då vekta sterkare mot det førebyggjande brannvernet, og dette har gjeve resultat på den nasjonale brannstatistikken som Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap fører. Det er departementet sitt syn at regelverket i dag er godt nok.

Huseigar får no, minst kvart fjerde år, ei generell undersøking av heile fyringsanlegget av feiaren. Undersøkinga omfattar både pipe og eldstad. Finn han eller ho manglar eller avvik, vil huseigaren få melding om dette. Ein fullstendig tilstandsrapport på pipa krev videofilming av pipa innvendig. Nokre feiarvesen har slike videokamera, men filming vert brukt berre der feiaren har ein konkret mistanke om at det er alvorlege feil på pipa. Slik undersøking krev nemleg store ressursar. Direktoratet har god kontakt med landets feiarvesen, og det er ikkje kome fram opplysningar som tyder på at ei riktig montert tresjikts pipe har ført til brann i hus. At fyringsanlegget er intakt og verkar som det skal, er etter brannregelverket huseigaren sitt ansvar.

Det blir i spørsmålet vist til at Norsk Brannvernforening (NBF) har bedt om ei gjennomgang av tilstanden til dei aktuelle pipene. Frå direktør Dagfinn Kalheim i NBF har departementet fått opplyst at dette var ei oppmoding til kommunane om feiing og tilsyn.

Konklusjon:

Etter mitt syn er det av omsyn til branntryggleiken ikkje god prioritering av samfunnet sine ressursar å gjennomføre landsomfattande undersøking av alle tresjikts piper oppførte i den aktuelle perioden. Det er rett at Noreg ligg høgt på brannstatistikken, og Regjeringa ser alvorleg på dette. Om den einskilde huseigar ikkje kjenner seg trygg etter det tilbod det kommunale brann- og feiarvesen kan tilby, kan han vende seg til andre fagfolk å få vurdert tilstanden på pipa som grunnlag for eventuelle utbetringar. Eg vil kome attende med meir informasjon til Stortinget i vårsesjonen 2004.