Olav Akselsen (A): I spørjetimen den 12. november kom det fram at det no er fritt fram for utanlandske skip med utanlandsk arbeidskraft på innanlands sjøtransport i Noreg. Samferdselsministeren stadfeste at Regjeringa vil leggje til rette for at utanlandske selskap fritt skal kunne konkurrere om ferjekonsesjonar på riksvegsamband, utan at ho sa at Regjeringa vil stille krav til løns- og arbeidsvilkåra for dei ansatte ombord, noko som innebere at norske reiarlag fort kan bli utkonkurrert.
Har næringsministeren tiltak mot denne utviklinga?
Begrunnelse
Maritime næringar i andre land har heilt ulike rammevilkår samanlikna med norske reiarlag. Fleire EØS-land har innført ulike ordningar med nettoløn for sine sjøfolk og dette har medført at norske sjøfolk såleis er mykje dyrare enn dei som dei konkurrerar mot. I tillegg praktiserar no Regjeringa regelverket slik at utanlandsk arbeidskraft er unntatt reglane om arbeids- og opphaldsløyve, til tross for at det ikkje er føretatt endringar i gjeldande forskrift. Når vi nå veit at Regjeringa vil leggje til rette for at utanlandske selskap fritt skal kunne konkurrere om konsesjonar på innanlandske ferjestrekningar, er det grunn til å tru at fleire og fleire innanlandske ferjestrekningar vil bli overtatt av utanlandske selskap med mannskap med heilt andre vilkår enn norske sjøfolk dersom ikkje Regjeringa fører ein aktiv politikk for å styrke dei norske maritime næringane og gje norske reiarlag konkurransedyktige rammevilkår på line med sine konkurrentar.