Skriftlig spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:152 (2003-2004)
Innlevert: 20.11.2003
Sendt: 21.11.2003
Besvart: 26.11.2003 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): I Bergens Tidende 20. november 2003 står det at Austevoll kommune får 3,3 mill. kr mindre i rammetilskott frå staten fordi rapporteringa av tal av psykisk utviklingshemma blei gjort på ein feil måte. Denne administrative feilrapporteringa medførte at direktoratet reduserte talet psykisk utviklingshemma frå 28 til 12. Sjølv om feilen seinare er retta opp, er det likevel lagt opp til at kommunen skal "straffast" for dette.
Meiner statsråden det er rett å "straffe" kommunar økonomisk for slike feil?

Begrunnelse

Som kjent er Austevoll ein kommune som dei siste åra har hatt ein stram økonomi. Ein slik økonomisk "straff" vil derfor slå ekstra hardt ut for Austevoll kommune. Spørsmålsstiller har også problem å sjå logikken i at tenestetilbodet og dermed også innbyggjarane i Austevoll skal bli skadelidande fordi det er gjort ein rapporteringsfeil. Dersom tilsette i direktoratet hadde gjort ein feil som medførte at Austevoll fekk meir pengar enn dei skulle ha, reknar eg med at statsråden ikkje ville hatt noko problem med å "rette opp" den feilen. Derfor bør statsråden vise litt storsinn i denne saka, og sørgje for at Austevoll kommune får dei midlane dei har krav på!

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Austevoll kommune var ein av kommunane som tilfeldig blei valt ut for kontroll av registrering av tal på psykisk utviklingshemma. Kontrollen blei utførd av Midthordland revisjonsdistrikt etter retningsliner gitt av Sosial- og helsedirektoratet.

I retningslina for kontroll av tal på psykisk utviklingshemma står det at kommunerevisjonen blant anna skal kontrollera at det i sakspapira er dokumentert at personane er å rekne som psykisk utviklingshemma. Det står vidare at dersom kommunen har kommentarar til eventuelle merknader frå kommunerevisor, må desse kommentarane følgje med attestasjonsskjemaet som skal sendast til Sosial- og helsedirektoratet.

Midthordland revisjonsdistrikt sende sin rapport til Sosial- og helsedirektoratet 24. juni med kopi til Austevoll kommune. I revisjonsrapporten står det at revisor fann 16 tilfelle kor det mangla dokument som stadfesta at den kontrollerte personen har fått diagnose psykisk utviklingshemma. Kommunal- og regionaldepartementet sende 28. august rundskriv til alle kommunar og fylkeskommunar med kriteriedata til inntektssystemet 2004. Talet på psykisk utviklingshemma i Austevoll kommune er her sett til 12. I rundskrivet frå departementet står det at eventuelle merknader skal sendast pr. post til Sosial- og helsedirektoratet innan 2. september.

Austevoll kommune gav ingen kommentarar til rapporten frå Midthordland revisjonsdistrikt. Sosial- og helsedirektoratet endra difor talet på psykisk utviklingshemma for Austevoll kommune frå 28 til 12. Austevoll kommune sende heller ingen merknader om denne endringa til Sosial- og helsedirektoratet. Departementet la difor til grunn ved utrekning av rammetilskot 2004 at det i Austevoll kommune er 12 personar som er psykisk utviklingshemma ved utrekning av rammetilskot 2004.

Etter at statsbudsjettet blir lagt fram ber Austevoll kommune departementet om hjelp til å finne forklaringa på kvifor rammetilskotet til kommunen blir mindre enn venta. Departementet opplyser kommunen om verknaden av reduksjon i talet på psykisk utviklingshemma. Austevoll kommune legg deretter fram dokumentasjon til kommunerevisor og kommunerevisor sender 7. november ei stadfesting på at dei rapporterte tala er korrekte.

Det er viktig at kommunane held tidsfristane for rapportering av tal på psykisk utviklingshemma til bruk ved utrekning av rammetilskot til kommunane og følgjer dei kontrollrutinane som er lagde opp. Desse tala påverkar fordelinga av rammetilskot mellom kommunane. Ei endring som gir auke i rammetilskot til Austevoll gir mindre tilskot til alle andre kommunar. Etter at statsbudsjettet er lagt fram for Stortinget ønskjer ikkje departementet å gjere endringar i kriteriedata som fører til endra fordeling av rammetilskota til kommunane.

Feil tal for psykisk utviklingshemma gir store utslag i rammetilskotet til den einskilde kommunen. Departementet si haldning til slike saker er at dersom staten gjer ein feil som fører til at kommunen får for lågt rammetilskot, så gir ein full kompensasjon for feilen som er gjort. Dette er ikkje tilfelle med Austevoll kommune. Dersom kommunen er ansvarleg for feilen, kan ein gi delvis kompensasjon.

I år har det blitt avdekt feil i tala for noen av kommunane. I desse tilfella har kommunerevisor hatt merknader til dei rapporterte tala og kommunen har ikkje gitt merknader til revisjonsrapporten før etter at arbeidet med statsbudsjettet var ferdig. Kommunane har heller ikkje gitt merknader til kriteriedata for inntektssystemet under høyringsrunden for desse. I alle tilfella er med andre ord kommunane ansvarlege for feilen og i alle tilfella har det blitt gitt 50 pst. kompensasjon for utrekna tap.

Departementet ser at dei økonomiske verknadene for kommunane for feila som er gjort kan bli store sjølv etter at det er blitt gitt 50 pst. kompensasjon. Departementet vil difor med utgangspunkt i dei tilbakemeldingane vi har fått frå kommunane og fylkesmenna i dei aktuelle sakene vurdere beløpa som skal gis i delvis kompensasjon på ny.