Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Det kjem urovekkjande meldingar i forhold til tvil om det økonomiske grunnlaget for framleis drift ved helse- og sosialinstitusjonar som får tilskot etter Kap. 221.61.
Har statsråden møtt slike synspunkt i si førebuing av innlemming av øyremerka tilskot og i tilfelle ja: Kva har Regjeringa føreteke seg?
Begrunnelse
Eg ber om ei orientering om korleis prosessen har vore for å sikra både informasjon og god dialog med den einskilde institusjonen dette gjeld. Dei elevane som kjem inn under dette skuletilbodet er på ingen måte tente med at fagmiljø blir splitta og tilboda reduserte. Verken kommunane, dei tilsette eller elevane er heller tente med byråkratiske kompensasjons- og betalingsordningar.