Skriftlig spørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til utviklingsministeren

Dokument nr. 15:213 (2003-2004)
Innlevert: 12.12.2003
Sendt: 15.12.2003
Besvart: 23.12.2003 av utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Koplinga mellom dei nasjonale fattigdomsstrategiane (PRSP) og gjeldslette (HIPC) frå finansinstitusjonane bør kuttast meiner ei rekke frivillige organisasjonar frå ei rekke land.
Kva meiner Regjeringa om desse råda, og kva for nokre teikn på aukande nasjonalt eigarskap og auka folkestyre, i form av forholdet mellom givar og mottakar samt budsjettprosessane nasjonalt ser utviklingsministeren i kjølvatnet av fattigdomsstrategiane?

Hilde Frafjord Johnson (KrF)

Svar

Hilde Frafjord Johnson: Regjeringa meiner at gjeldslette må sjåast som ein integrert del av utviklingspolitikken. Dersom det ikkje er noka kopling mellom gjeldslette og gjennomføringa av ein fattigdomsretta og utviklingsfremjande politikk, risikerer vi at nye gjeldsproblem oppstår i framtida, og framfor alt risikerer vi at gjeldsletta berre kjem nokre få til gode. I utarbeidinga av strategidokument til fattigdomsreduksjon (Poverty Reduction Strategy Papers, PRSP') vert makroøkonomiske, strukturelle og sosiale omsyn integrerte på ein balansert måte. For å få ei meir praktisk ordning for koplinga mellom PRSP og HIPC, og dermed også raskare gjeldslette, tok Noreg tidleg til orde for at eit mellombels PRSP skulle vere tilstrekkeleg for å nå avgjerdstidspunktet ("decision point") i HIPC-mekanismen. Dette vart òg løysinga. HIPC-landa får ei vesentleg lettare gjeldsbetalingsbyrde når dei når fram til vedtakstidspunktet. Noreg krev som kjent ikkje inn renter eller avdrag frå desse landa.
Koplinga mellom HIPC og PRSP blei etablert så seint som i 1999. Men nokre røynsler har ein alt gjort. PRSP-prosessen gjer til at landa tenkjer meir heilskapleg i sin utviklingspolitikk. Strategien er ein arbeidsreiskap både for landet og for bilaterale og multilaterale donorar. PRSP-prosessen er difor eit viktig koordineringsinstrument. At det etter føresetnaden er landa sjølve som skal lage PRSP, er med på å auke den nasjonale eigarskapen i politikken og landets leiarskap i koordineringsprosessen. Det er ofte vanskeleg å nå dei aller fattigaste fordi dei i liten grad er politisk mobiliserte og organiserte. PRSP-prosessen sikrar at svake grupper får meir merksemd. PRSP-prosessen inneber i mange tilfelle ei omstilling for politiske makthavarar i landa det gjeld. At gjennomføringa tek tid, skuldast ikkje minst behovet for kvalitetssikring. Den tida som går med til å få på plass og setje i verk eit velbalansert PRSP, ikkje minst bygt på omfattande konsultasjonar med det sivile samfunnet, er vel nytta. Erfaringa er at dette fremjar demokratibygging og folkeleg deltaking.
Men det er klart at PRSP-prosessen kan forbetrast. Vi har sett eksempel på at mottakarland har vore for lite involverte, og at Verdsbanken og IMF dermed har fått for stor rolle i utarbeidinga. Det er òg ei utfordring å fremje praktisk retta PRSP, ikkje berre gode målsetjingar. Regjeringa arbeider for betre oppfylling av målsetjingane med PRSP-prosessen gjennom multilaterale og bilaterale kanalar.