Skriftlig spørsmål fra Jorunn Ringstad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:215 (2003-2004)
Innlevert: 12.12.2003
Sendt: 15.12.2003
Besvart: 19.12.2003 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Jorunn Ringstad (Sp)

Spørsmål

Jorunn Ringstad (Sp): Det har i den seinare tida vore fokus på midtdelarar på vegane. Dette er eit tiltak som klart viser seg å redusere ulykker på belasta strekningar. På E6 ved Melhus har ein jobba aktivt for å kunne få midtdelarar. Her har det kome svar om at vegen er for smal for at ein kan nytte betongrekkverk som midtrekkverk.
Kva er grunngjevinga for at ein ikkje her vil vurdere å nytte vaierrekkverk, då dette både er mindre plasskrevande og ei billigare løysing?

Begrunnelse

Det har ikkje herska tvil om at det er ein god effekt av midtdelarar på ulykkesbelasta vegstrekningar. Av den grunn vil det vera viktig å få dette på plass så mange stader som mogleg slik at ein kan få redusert det store talet med trafikkulykker som Noreg har i dag.
Vegdirektoratet har fatta vedtak om et ein inntil vidare berre skal nytte betongrekkverk som midtdelarrekkverk på 2 og 3 felts vegar i Noreg. Denne løysinga krev meir breidde og har større kostnadar enn vaierrekkverk. Etter erfaringar frå E18 i Vestfold, er kostnadane pr. meter ein stad mellom 6 000 kr og 7 000 kr.
I Sverige har ein nytta vaierrekkverk som midtdelar på mange ulykkesbelasta strekningar, og erfaringane frå desse strekningane er svært gode. Det er av den grunn vanskeleg å forstå kvifor ein ikkje vurderar denne løysinga og i Noreg, då dette vil kunne vera ei løysing ein kan nytte svært mange stader og der kostnadane er lågare enn ved betongrekkverk.

Torild Skogsholm (V)

Svar

Torild Skogsholm: For å montere midtrekkverk på ein veg med to felt krev Statens vegvesen at vegen har ei total breidde på 12,5 meter. Ein viktig grunn til dette er at det skal vere mogleg å passere eit køyrety som har havarert, samt at det skal vere mogleg for utrykkingskøyrety å passere andre køyrety. I verste tilfelle må ein lastebil kunne passere ein annan havarert lastebil. Dette krev at det er om lag seks meter mellom midtrekkverket og ytterkant skulder.
Vaierrekkverk er smalare enn betongrekkverk, men bøyer ut meir ved påkjørsel. Dette kan føre til konflikt med motgåande trafikk. Vegbreidda bør derfor ikkje vere smalare sjølv om ein bruker vaier.
Alle prøveprosjekt med midtrekkverk på vegar med 2-3 felt blir inntil vidare bygd med betongrekkverk grunna uvisse med omsyn til konsekvensar for motorsyklistar ved ei eventuell påkjørsel. Det har også samanheng med at det blir langt fleire og større skadar på vaierrekkverka. Dette er eit problem både med omsyn til kostnader og sjølve arbeidet med oppretting. Statens vegvesen ser også ein fare ved at vaierrekkverket kan vere vanskeleg å sjå. Statens vegvesen arbeider med å prøve vaierrekkverk som skal vere sikre for alle grupper av trafikantar og vil prioritere dette utviklingsarbeidet høgt, for å kunne oppnå den eventuelle innsparinga i kostnader som dette kan gi.
Bruk av wirerekkverk i Sverige er ikkje direkte overførbart til Noreg, m.a. fordi vegane der er breiare. Statens vegvesen har likevel nytte av dei svenske erfaringane.