Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til helseministeren

Dokument nr. 15:254 (2003-2004)
Innlevert: 07.01.2004
Sendt: 08.01.2004
Besvart: 20.01.2004 av helseminister Dagfinn Høybråten

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Det kjem urovekkjande meldingar om manglande dialog mellom styra i helseføretaka, sjukehusa og lokale folkevalde.
Kva legg statsråden til grunn når han nyttar uttrykket "god dialog", og kva gjer han for å sikra at det vert slik?

Begrunnelse

Eg viser til svar på skriftleg spørsmål nr. 200 (2003-2004) der statsråden vektlegg ein god dialog frå føretaka si side som føresetnad for tillit og tryggleik til sjukehusa.
Tre døme frå Rogaland viser etter mitt syn ein urovekkjande mangel på dialog: I Helse Stavanger kommuniserer styret med ei stor gruppe tilsette pr. ope brev. Av brevet slik det er referert i Stavanger Aftenblad, kan det sjå ut som om styret verken tek inn over seg den alvorlege tillitskrisa som er oppstått ved Sentralsjukehuset i Rogaland, eller den fare for kompetanseflukt som tydeleg er til stades.
Styret for Helse Stavanger har vidare kunngjort nedlegging av ei velfungerande og høgt verdsett rehabiliteringseining i Sandnes, utan at det synest å ha vore kontakt verken til dei kommunane eller dei brukargruppene som vert berørte.
Helse Fonna førebudde i det stille nedlegging av Bjødnateigen psykiatriske senter i Suldal. Fyrste veka før styrevedtaket var føresett, vart Suldal kommune og dei 39 tilsette varsla. Dette gjeld elles tilsette i ein distriktskommune som gjennom samarbeid mellom kommunen og fylkeskommunen har teke utdanning innan psykiatri.
Det er ei stor utfordring, som grunnlag for eit best mogleg behandlingstilbod, å erstatta dei regionale folkevalde organa og sikra ein god dialog mellom helseføretaka og dei ulike instansane dei skal forhalda seg til. Eg vil oppmoda statsråden til eit meir aktivt engasjement på dette feltet enn det han til no har vist.

Dagfinn Høybråten (KrF)

Svar

Dagfinn Høybråten: Representanten Meltveit Kleppa tar i si grunngjeving opp tre saker frå helse Vest. Den første saka tok ho også opp i skriftleg spørsmål nr. 200. Som eg generelt peika på i svarbrevet på skriftleg spørsmål nr. 200, har Helsedepartementet i styringsdokumenta til dei regionale helseføretaka lagt vekt på både god prosess og god informasjon i samband med omstillingstiltaka, og at ein sikrar innsyn og medmerknad. Det er oppretta brukarutval for regionale helseføretak og føretak, og lagt vekt på at det skal vera faste kontaktar med lokale folkevalde. For å styrkje tillit og truverde, har eg også gitt instruksjon i styringsdokumenta om at styremøta i regionale helseføretak og føretak skal vere opne frå 1. januar 2004. Eg meiner difor at departementet har lagt til rette for å sikra ein god dialog mellom helseføretaka og dei som har bruk for tenestene som skal ytast.
Informasjon og prosess kan alltid forbetrast. Dei sakene som er tatt opp i dette brevet, er svært ulike, og dei kan ikkje gi grunnlag for ein felles mal for korleis samhandling skal skje. Det må skje ein konkret planlegging i kvart einskilde høve. Men eg vil halda fast ved at ved å trekkje dei som kan bli omfatta av endringane tidleg inn i prosessane, og ved å sikre aktiv informasjon, kan vi auke tryggleik og forståing både kva gjeld avgjerdene og i høve til gjennomføring av tiltaka. Dette legg eg stadig stor vekt på, ikkje minst i den dialogen som eg har med leiinga for helseføretaka, i første rekke styreleiarane for dei regionale helseføretaka.
Når det gjeld dei konkrete sakene, har eg den 18. desember 2003 svart på saka frå Helse Stavanger at dette er ei personalsak som må bli behandla med dei omsyn som gjeld slike saker. Saka er dessutan under rettsleg behandling. Eg kan difor ikkje sjå at dette er ei sak eg som statsråd kan eller skal gripa inn i.
Når det gjeld den andre saka om rehabiliteringseininga i Sandnes, er eg frå Helse Vest kjend med at styret i Helse Stavanger gjennom godkjenning av budsjettet for 2004 har vedtatt å avvikle attverande verksemd på det tidlegare Sandnes sykehus. Det har vore alminneleg kjend gjennom store deler av budsjettprosessen at helseføretaket arbeidde med slike forslag. Det har også vore ein debatt om forslaget i massemedia. Det er her snakk om å flytta tilbode til pasientane. Rehabiliteringseininga blir i første omgang flytta til mellombelse lokale ved Sentralsjukehuset sitt område på Våland. I neste omgang vil ein prøva å løysa dette ved ombygging av tilgjengelige lokale i det tidligare Stavanger sjukehus.
Den tredje saka gjeld Bjødnateigen og dialogen mellom føretaket og kommunane. Eg er kjend med at forslaget til ein heilskapleg plan for psykisk helsevern i Helse Fonna skal leggast fram i styremøte i februar 2004. Planen vil inngå i ein samla regional plan som skal behandlast i styret for Helse Vest RHF i mars 2004.
Helse Fonna HF har i dag relativt mange plassar i psykiatriske sjukeheimar/sentra, og planlegg over tid å redusere dette talet i tråd med dei normtala som ligg i opptrappingsplanen, og den tilbakemeldinga som departementet tidligare har gitt fylkeskommunen på opptrappingsplanen for psykiatri i Rogaland. Avvikling/reduksjon av plassar må imidlertid skje i samband med utbygging av alternative tilbod til pasientane og i dialog med kommunane.
Planen for psykisk helsevern i Helse Fonna vil bli lagt fram i dialog med dei involverte kommunane og i felles møte på ordførarnivå, før planen blir endeleg fastsett i styret i februar. Når det gjelder Bjødnateigen spesielt, er saka også drøfta med styrar ved Bjødnateigen senter og med tillitsvalte der. Helse Fonna vil også ha møte med Suldal kommune og Sauda kommune for å presentera hovudpunkta i opptrappingsplanen for psykisk helse og andre planar som rører Helse Fonna og felles utfordringar i Indre Ryfylke, mellom anna situasjonen for Bjødnateigen. Det er vidare avtala møte mellom Helse Fonna og kommunane fram mot styremøtet i februar.