Gjermund Hagesæter (FrP): Nordhordland trafikkstasjon blei oppretta i 1997 og har sidan den tid hatt ei positiv utvikling. Stasjonen har i dag 9,85 årsverk og dekkjer eit område på over 50 000 personar. Eit arbeidsutval nedsett av Statens vegvesen region vest vurderer no nedlegging av denne veldrivne stasjonen. Ei overføring av oppgåvene til Fyllingsdalen vil medføre auka reisetid for brukarar og tilsette.
Kan statsråden love at alle samfunnsøkonomiske kostnader ei slik flytting medfører blir vurdert og lagt til grunn før vedtak blir fatta?
Begrunnelse
Nordhordland trafikkstasjon ligg i Knarvik som er regionsenteret i Nordhordland. NT har pr. i dag uakseptabel lang ventetid på oppkjøring (4 veker ventetid mot 2 veker som er kravet frå VDR). Fyllingsdalen trafikkstasjon har 3 veker ventetid.
Stasjonen har små administrative utgifter fordi stasjonen er administrert frå Fyllingsdalen. Ifølgje regionvegsjef Ole Christian Torpp er Nordhordland trafikkstasjon ein veldreva stasjon, jf. BT 16. desember 2003. Rapporten "Trafikant og Kjøretøy" (som anbefaler nedlegging av NT) gjer likevel ikkje noko forsøk på å måle produktiviteten ved NT i forhold til andre trafikkstasjonar. Kvifor dette ikkje er vurdert, er det ikkje gitt noko svar på. I tillegg til Nordhordland (inkl. Gulen kommune) dekker stasjonen deler av Åsane, Arna og Osterøy. Størstedelen av kundegrunnlaget på 50 000 personar vil få meir enn 70 km ekstra reise dersom stasjonen blir lagt ned og flytta til Fyllingsdalen. I tid vil dette utgjere ca. 1 1/2 time pr. besøk.
Stasjonen har i dag 9,85 årsverk, fordelt på 11 tilsette. Fordelinga av årsverka er: Trafikant 2,15, Kjøretøy 3,0, Byggherre 3,7 og Plan- og forvaltning 1,0. I tillegg til at alle dei tilsette får vesentleg lengre arbeidsreise ved ei eventuell flytting, vil ei flytting også medføre at dei tilsette innan Byggherre og Plan- og forvaltning må bruke arbeidstid og kostnader for å reise tilbake til Nordhordland i samband med synfaringar. Det er openbart at dette vil utgjere vesentlege kostnader, likevel er det ikkje gjort berekningar i rapporten over kva kostnader dette vil påføre etaten. Kontraktområdet som byggherre skal forvalte, omfattar kommunane Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Gulen, Høyanger Sør og Åsane Nord. Til saman 811 km veg. Etter at Nordhordland trafikkstasjon blei oppretta i 1997 har 8 trafikkskular etablert seg i tilknyting til stasjonen. Ei flytting av NT vil truleg også medføre at desse trafikkskulane må flytte med. Kva kostnader dette vil medføre er uklart.
Kontrollhallen til NT er distrikt Bergens beste kontrollplass. Plassen og hallen blir brukt i samband med aksjoner i samarbeid med politi. Bilane blir dirigert frå Ev 39 og innpå stasjonsområdet.
Ei avvikling av Nordhordland trafikkstasjon vil derfor gje negative konsekvensar for svært mange både enkeltpersonar, bedrifter og offentlege instansar. Ei statleg monopolverksemd må ikkje berre sjå på bedriftsøkonomiske konsekvensar når ei vurdering om avvikling eller ikkje skal gjerast. Derfor vil det vere uheldig å foreta ei vurdering om nedlegging før alle samfunnsøkonomiske konsekvensar er vurdert.