Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til helseministeren

Dokument nr. 15:260 (2003-2004)
Innlevert: 12.01.2004
Sendt: 13.01.2004
Besvart: 26.01.2004 av helseminister Dagfinn Høybråten

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Statsministaren la i nyttårstalen sin vekt på psykisk helsevern og den vedtekne opptrappingsplanen. Parallelt med dette vert det meldt om planar om innskrenking/nedlegging av tilbod, m.a. på Vestlandet.
På kva måte vil statsråden sikra at ingen nedbygging finn stad før eit godt tilbod er bygd opp og gjort tilgjengeleg, og kva initiativ vil han ta for å forsikra seg om at det vert ei reell opptrapping av psykiatrien på alle nivå?

Begrunnelse

I Helse Fonna er det gjort framlegg om å leggja ned Bjødnateigen Psykiatriske Senter i Suldal frå 1. halvår 2004. Saka skulle vore handsame på møte før jul, men er nå utsett til neste møte. Likevel, altså før saka er formelt handsama, er leigeavtalen med Suldal kommune sagt opp. Dette gjer pasientar og pårørande utrygge. Tilbodet er tenkt erstatta av eit tilbod i Haugesund, noko som gjer det vanskeleg med kontakt med pårørande og eit tett samspel med kommunale tenestar.
I "MiniPulsen" som er internt info-organ for Helse Stavanger HF, går det fram at psykiatrisk klinikk ved SiR skal redusera talet på tilsette med 7 pleiemedarbeidarar. Dette har fått Mental Helse i Sandnes til å reagera.
Både Suldal kommune og Mental Helse viser i notat til at Helsedepartementet i brev til dei regionale helseføretaka av 9. desember 2003 har kome med fylgjande styringssignal:

"ingen nedbygging kan finne sted før alternativt tilbud er bygd opp og dermed gjort tilgjengelig".

Og vidare:

"Signaler som departementet mottar kan tyde på at det fortsatt er forbedringspunkter hva gjelder samarbeidet med kommunene. Foretakene vil derfor bli tillagt et særlig ansvar for å utvikle samarbeidet."

Dette tykkjest å ha svikta i Suldal. Kommunen har rett nok nå fått avtale med Helse Fonna, men foretaket har sjølv ikkje teke initiativ til slik kontakt. Det er vanskeleg å lesa ut av den interne informasjonen kva som er gjort knytta til nedbemanninga ved SiR.
Kombinasjonen av fokus på opptrapping og meldingar om nedlegging og nedbemanning gjer at folk vert forvirra og pasientar og pårørande usikre. Eg vonar at statsråden kan ordna opp i dette.

Dagfinn Høybråten (KrF)

Svar

Dagfinn Høybråten: Helsedepartementet har det overordna ansvaret for at den offentlege helsetenesta fungerer i samsvar med dei fastsette måla for helsepolitikken. Gjennom føretaksmodellen er det etablert eit system med desentraliserte ansvarsposisjonar for å følgje opp dette ansvaret, utan at det opphevar Helsedepartementet sitt ansvar. Det følgjer vidare av modellen at Helsedepartementet si styring og oppfølging skal skje overfor de regionale helseføretaka og for tilhøve som gjeld helseforetaka. Dette gir rammene for departementet si behandling og oppfølging av dei tilhøve som ligg til grunn for det aktuelle spørsmålet, både når det gjeld tiltak for å sikre omstilling og reell opptrapping av psykisk helsevern på alle nivå.

I styringsdokumenta til dei regionale helseføretaka for 2004 har Helsedepartementet serskilt bedt om at det må setjast fokus på omstilling og omstrukturering av tenesteapparatet med vekt på eit godt lokalbasert psykisk helsearbeid i samarbeid med kommunane. Omstillinga med auka vekt på desentraliserte løysingar inneber og at ein må gjennomgå institusjonstilbodet og gjere naudsynte endringar for å sikre betre bruk av dei samla ressursane. Departementet har merka seg at dei psykiatriske sjukeheimane har gjennomgått ei langt kraftigare nedbygging enn planlagt. Dei regionale helseføretaka vert difor i styringsdokumenta for 2004 bedne om at dei syter for at nedbygging og eventuell nedlegging av enkeltinstitusjonar ikkje finn stad før alternativ for pasientane er bygde opp.

St.prp. nr. 1 (2003-2004) inneheld omfattande dokumentasjon som mellom anna syner ei lang rekkje viktige resultat av satsinga fram til utgangen av 2002. Det kan nemnast at kommunane har ei langt sterkare merksemd på psykisk helse enn for få år sidan. Det har vore tydeleg auke i aktivitet i spesialisthelsetenesta. Dette betyr at Opptrappingsplanen for psykisk helse 1999-2008 har verka slik den skulle gjere. Samstundes er det i statsbudsjettet for 2004 peika på at det framleis eit stykkje veg att før vi har nådd dei måla som Stortinget sette ved behandlinga av St.prp. nr. 63 (1997-98).

Gjennomføring av opptrappingsplanen for psykisk helse er eit høgt prioritert område for Regjeringa, og eg følgjer dette området særs nøye.