Skriftlig spørsmål fra Hallgeir H. Langeland (SV) til arbeids- og administrasjonsministeren

Dokument nr. 15:293 (2003-2004)
Innlevert: 22.01.2004
Sendt: 23.01.2004
Besvart: 02.02.2004 av arbeids- og administrasjonsminister Victor D. Norman

Hallgeir H. Langeland (SV)

Spørsmål

Hallgeir H. Langeland (SV): 1. januar 2004 starta Petroleumstilsynet sitt arbeid. Ifølgje mellom anna NRK og NOPEF-aktuelt, vil tilsynet og kontrollen offshore bli svekka sidan også petroleumsanlegga på land og røyrsystem blir ein del av ansvarsområdet.
Kva vil statsråden gjere for å styrke tilsynet offshore, og på den måten redusere faren for nye ulukker der?

Begrunnelse

Eg viser til NOPEF-aktuelt der forbundets nestleiar Gregersen uttalar følgande:

"NOPEF er svært skuffet når Petroleumstilsynet signaliserer redusert overvåking offshore. For oss har det hele tida vært en forutsetning at nyorganiseringen ikke skulle gå ut over virksomheten på sokkelen. Hvis tilsynet på sokkelen reduseres, er det fare for at dette skal få konsekvenser for sikkerheten."

Victor D. Norman (H)

Svar

Victor D. Norman: Petroleumstilsynet blei etablert ved kronprinsregentens resolusjon 19. desember 2003, og oppretta 1. januar 2004. Frå same dato blei ansvaret for tilsyn på ei rekkje landanlegg knytte til verksemda overført frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og Arbeidstilsynet til Petroleumstilsynet. Det blei overført ressursar frå disse tilsyna til Petroleumstilsynet, slik at Petroleumstilsynet skal kunne ta omsyn til ansvaret for helse, miljø, tryggleik og beredskap i olje- og gassverksemda på sokkelen og for dei nemnde anlegga på land.
Eg vil understreke at kvaliteten av tilsynet med tryggleiken på sokkelen ikkje skal svekkjast som følgje av det utvida ansvarsområdet for Petroleumstilsynet. Petroleumstilsynet skal uavhengig av det utvida ansvarsområdet jamleg ha fokus på, og sjå til at operatørselskapa opprettheld det høge tryggleiksnivået på sokkelen.
Overføringa av ansvaret for landanlegga vil samstundes innebere at Petroleumstilsynet må ta tak i den viktige oppgåva med å føre tilsyn med helse, miljø og tryggleik i den landbaserte petroleumsverksemda. Petroleumstilsynet opplyser at ein konsekvens kan vere at det vil bli nokre færre timar med tilsyn på innretningane på sokkelen i 2004. For å oppretthalde det høge nivået for helse, miljø og tryggleik på sokkelen og unngå ulukker der, er det likevel ikkje nødvendigvis talet på tilsynstimar etaten bruker som er avgjerande - verdien og effektiviteten av tilsynet handlar like mykje om fokus og metodikk i tilsynet. Petroleumstilsynet arbeider derfor nå med å effektivisere tilsynet. Målet er blant anna å auke omdømmet og engasjementet for helse, miljø og tryggleik hos dei aktuelle aktørane i verksemda. Dette skal medføre eit meir effektivt og "skreddarsydd" tilsyn, slik at verdien av tilsynstimane ein har offshore, og på land, blir høgare. Petroleumstilsynet skal sikre ei normalfordeling av ressursar og tal tilsynstimar mellom land og sokkel, i balansert avveging mellom rolla som høgrisiko/teknologitilsyn og arbeidstilsyn.
Eg vil understreke at det er oljeselskapa som driv verksemda som har ei plikt til å sjå til at tryggleiksnivået er tilfredsstillande og at helse, miljø og tryggleiksregelverket blir etterlevd. Tilsynet frå styresmaktene kjem i tillegg til selskapa si eiga oppfølging av aktivitetane.
Når Petroleumstilsynet frå 1. januar 2004 har tilsynsansvaret for helse, miljø og tryggleik i petroleumsverksemda både offshore og på land, vil det føre til at operatøren som har verksemd både på sokkelen og på land får eitt tilsyn å rette seg etter. Eg meiner at det vil innebere ei effektivisering, både for dei aktuelle operatørane og for Petroleumstilsynet, ved at tilsynsstyresmaktene vil ha ein heilskapeleg tilnærming til verksemda i samband med sitt tilsyn. Det er også min ambisjon at eit heilskapeleg tilsyn med den integrerte petroleumsverksemda vil gje gevinstar i form av erfarings- og kunnskapsoverføring mellom land og sokkel.