Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:297 (2003-2004)
Innlevert: 23.01.2004
Sendt: 23.01.2004
Besvart: 28.01.2004 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Statsråden har varsla ein gjennomgang av dagens praksis når det gjeld såkalla særkullbarn og søknad om familiesameining.
Når vil ein konklusjon føreliggja?

Begrunnelse

Gjennom media har nokre få familiar og nettverk rundt dei sett søkelyset på den praksisen som er gjeldande når ei mor kjem til Noreg, giftar seg og har barn som det vert søkt familiesameining for. Det kan synast særleg urimeleg at det av barn av ei ugift mor vert kravd at barnet reiser tilbake til det opprinnelege heimlandet for å søkja om noko som ein reknar med kunne vore ordna langt enklare frå Noreg, og der ein også reknar resultatet som gitt på førehand. Fleire nyetablerte familiar ventar i spaning på departementet si vurdering, og eit positivt snarleg svar vil gi nokre få barn og unge ein tryggare og betre kvardag.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Som kjend gav eg Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda ein instruks 2. desember i fjor om å ikkje fatte negative vedtak i slike saker som representanten nemner. Tilsvarande gav eg politiet ein instruks om å ikkje effektuere slike vedtak.
Årsaka til desse instruksane var nettopp eit ønske om å vurdere regelverket på nytt, fordi eg også ser at mange kan oppfatte regelverket som urimeleg og firkanta og at det for mange barn og deira nettverk blir opplevd som ei uforholdsmessig stor belastning at barnet må søke frå heimlandet. Samtidig er det viktige omsyn som ligg bak regelverket slik det er i dag, og Noreg er bunden av fleire internasjonale forpliktingar om barnas situasjon ved samlivsbrot, der den eine forelderen flyttar ut av landet. Siktemålet er å forhindre at barn blir tatt bort frå heimlandet i strid med nasjonal lovgiving, og fråteke moglegheita til samvær med den andre forelderen.
Dette er eit svært vanskeleg spørsmål som krev ein grundig gjennomgang og som ennå ikkje er avslutta. Eg forstår godt at det ikkje er tilfredsstillande å leve i uvisse om slike viktige forhold, og vil om kort tid kunne seie kva som vil bli den vidare framdrifta i denne saka.