Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:326 (2003-2004)
Innlevert: 30.01.2004
Sendt: 03.02.2004
Rette vedkommende: Finansministeren
Besvart: 10.02.2004 av finansminister Per-Kristian Foss

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Korleis vil Regjeringa leggje opp arbeidet med endring av ansvaret for revisjon av skatterekneskapa frå kommunane?

Begrunnelse

Stortinget vedtok i desember 2003 endringar i kommunelova der mellom anna revisjon av skatterekneskapa vert overført frå kommunane sine revisjonar til staten. I samband med dette vart det gjort uttrekk i overføringane til kommunane basert på føresetnader om at 10 pst. av kommunerevisjonane sitt samla personell utfører revisjon av skatterekneskap. Det kan for kommunane samla gjelda 70-75 årsverk.
Eg ber statsråden gjere greie for om ein planlegg ei sentral eining hjå Skattedirektoratet eller om det er aktuelt å lokalisere dette arbeidet andre stader. Eg ber vidare om at statsråden klargjer om tilsette som i dag arbeider i kommunal revisjon, men som blir overtallige som konsekvens av lovendringane, vil få tilbod om nyoppretta stillingar i regi av Skattedirektoratet.

Per-Kristian Foss (H)

Svar

Per-Kristian Foss: Spørsmålet blei overført frå kommunal- og regionalministeren.

Stortinget vedtok 28. november 2003 at staten skulle ta over ansvaret for kontroll av skatterekneskapa frå 1. juli 2004. Dette inneber at lov av 21. november 1952 nr 2 om betaling og innkrevjing av skatt (skattebetalingslova) § 56 nr. 1, tredje punktum, om at Finansdepartementet kan fastsetja instruks for kommunerevisorane sitt arbeid med kontroll med skatteoppkrevjarfunksjonen, vert oppheva frå same dato. Finansdepartementet bad i brev av 8. desember 2003 til Skattedirektoratet, om at direktoratet setter ned ei arbeidsgruppe for å sjå på alle høve som kan tyde noko for ei trygg overtaking og handsaming av dei kontrolloppgåvene som vil falle på skatteetaten i samband med dette.

Arbeidsgruppa vart sett ned 9. januar 2004, og skal i midten av april 2004 leggja fram sine forslag for departementet. Arbeidsgruppa vil då gje tilråding om korleis arbeidet med kontroll av skatteoppkrevjarfunksjonen skal organiserast i Skatteetaten etter 1. juli 2004.

I arbeidsgruppa er mellom andre med to representantar frå NKRF (Norges kommunerevisorforbund), ein representant frå NKK (Forbund for kommunal økonomiforvaltning og skatteinnfordring), og ein observatør frå Riksrevisjonen.

At staten overtek det fulle og heile ansvaret med kontroll av skatteoppkrevjarfunksjonen, fører med seg økte oppgåver for både Riksrevisjonen og skatteetaten. Ei av arbeidsgruppa sine oppgåver er å gå igjennom og kvalitetssikra grunnlaget for utrekninga for omfordeling av ressursar frå kommunane til staten. I samband med dette arbeider gruppa no med ei nærare kartlegging av kor store ressursar kommune- og distriktsrevisjonane nyttar på oppgåver knytt til kontroll av skatteoppkrevjarfunksjonen. Denne kvalitetssikringa skal sendast Finansdepartementet i midten av mars 2004.

Finansdepartementet ser det så langt som mindre aktuelt å leggja denne kontrollen til ei sentral eining i Skattedirektoratet. Departementet ser for seg ei regionalisering av desse oppgåvene.

Lov av 4. februar 1997 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø m.v. (arbeidsmiljølova) har reglar om arbeidstakarane sine rettar i samband med overdraging av verksemd. Ei vurdering av dei tilsette i kommunerevisjonane sine rettar etter arbeidsmiljølova, ligg utanfor mandatet til arbeidsgruppa. Finansdepartementet vil be Kommunal- og regionaldepartementet, eventuelt i samråd med Arbeids- og administrasjonsdepartementet, å sjå nærare på dette. Departementet verdset høgt den røynsla kommunerevisorane har på dette området, og fleire av dei vil truleg vere aktuelle som tilsette i skatteetaten i samband med denne overføringa av oppgåver frå kommunane til staten.