Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:330 (2003-2004)
Innlevert: 03.02.2004
Sendt: 04.02.2004
Besvart: 09.02.2004 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Omstillinga i Avinor AS kalt "Take-off-05" inneheld planar om at fast tilsette delvis skal erstattast av innleigde folk og at m.a. deler av tryggleiksarbeidet skal utførast av selskap utafor Avinor AS.
Meiner statsråden at dette er ei avgjerd selskapet sjølv kan ta innafor vedteke regelverk, eller vil ho leggja slike spørsmål fram for generalforsamlinga, ev. Stortinget?

Torild Skogsholm (V)

Svar

Torild Skogsholm: Det er aksjelova med alle reglar for styring og kompetansedeling mellom generalforsamlinga på den eine sida, og selskapet si administrative leiing og styret for selskapet på den andre, som gjeld. Paragraf 2 i aksjelova gir eigaren høve til å ta inn i vedtektene eventuelle krav til styret om kva for saker som skal handsamast i generalforsamling. Ifølgje vedtektene for Avinor skal styret leggje fram alle saker "som antas å være av vesentlig samfunnsmessig eller prinsipiell betydning, herunder saker om hel-/delprivatisering av basisvirksomhet". Vidare skal styret kvart år leggje fram ein plan for verksemda, og i samband med dette også større omorganiseringar.

Som generelt svar på spørsmålet om fast tilsette i Avinor, i samband med den omstillinga Avinor nå er inne i, kan "erstattast" av tilsette i selskap utanfor Avinor, og om Avinor har kompetanse til å gjere vedtak om det, er svaret ja. I dei aksjeselskapa som samferdselsministeren er generalforsamling for er det praksis at leiinga i selskapet sjølv gjer vedtak i interne organisasjonsspørsmål. Dette var og praksis i høve til Luftfartsverket som forvaltningsbedrift.

Eg legg og til grunn at Avinor held seg innanfor alle rettsreglar som gjeld for Avinor som arbeidsgjevar i høve til dei tilsette. Vidare må alle som skal utføre tryggleiksarbeid som krev særskilt kvalifikasjon eller godkjenning, oppfylle dei krava som eventuelt er fastsett for slikt arbeid utan omsyn til om dei er tilsette i Avinor eller i andre selskap. Eg legg generelt til grunn at for tiltak i "Take-off-05" som krev godkjenning frå Luftfartstilsynet, må slik godkjenning foreligge før tiltaka kan gjennomførast.

Eg har den 4. februar 2004 fått overlevert "§ 10-planen" frå Avinor som vil bli lagt til grunn for eigarmeldinga som Regjeringa har varsla i vårsesjonen 2004. Eg må vurdere nærare både planen og kva for saker som skal leggjast fram for Stortinget i meldinga, men prinsipielle saker eg eventuelt finn grunn til å realitetsbehandle i generalforsamling vil òg bli lagt fram i meldinga.