Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:331 (2003-2004)
Innlevert: 03.02.2004
Sendt: 04.02.2004
Besvart: 10.02.2004 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Luftfartstilsynet har stilt ei rekkje spørsmål til Avinor AS om omstillingsprosessen "Take-off-05".
På kva måte vil statsråden sikra at Luftfartstilsynet sine merknader og eventuelle krav vert fylgt opp på ein forsvarleg måte, og vil ho, om naudsynt, påleggja Avinor AS å bruka lenger tid på omstillingsprosessen enn det som er planlagt?

Torild Skogsholm (V)

Svar

Torild Skogsholm: Eg legg generelt til grunn at for tiltak som Avinor planlegg under "Take-off-05", og som krev godkjenning frå Luftfartstilsynet, må slik godkjenning vere gitt før tiltaka kan gjennomførast. Eg er bl.a. gjennom kopi av brev datert 9. januar 2004 frå Luftfartstilsynet til Avinor, og svarbrev datert 30. januar 2004 frå Avinor til Luftfartstilsynet, orientert om at det for tida går føre seg prosessar og samarbeid på fleire plan mellom Avinor og Luftfartstilsynet. Eg legg til grunn at alle tiltak som krev godkjenning frå Luftfartstilsynet, må ha slik godkjenning før tiltaka blir sett i verk, og at framdrifta i omstillingsprosessane må innrettast etter det.