Skriftlig spørsmål fra Sigrun Eng (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:353 (2003-2004)
Innlevert: 06.02.2004
Sendt: 09.02.2004
Besvart: 16.02.2004 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Sigrun Eng (A)

Spørsmål

Sigrun Eng (A): Også i år har praktiseringa av brøyting på riksveg 50 fått store oppslag og skapt mykje støy. I desse tider med fokus på effektivisering og rasjonell drift kan det vera grunn til å stille spørsmål om dagens praksis er den beste. Den er i alle fall ikkje strømlinjeforma!
Kan statsråden medverka til å forenkle kommandolinjene slik at det distriktskontoret som kjenner området best også får ansvaret for denne sesongoppgåva?

Begrunnelse

Dagens organisering verker ikkje logisk. Det er Regionkontoret Vest som har byggherreansvaret. Det er distriktskontoret Øvre Buskerud som har forvaltningsansvaret. Altså pulverisering av oppgåver og gode moglegheiter for at oppgåver blir vekkprioritert på toppen i systemet og ingen kan få gjort jobben slik Stortinget har bestemt. Slik vart det også i år i etterkant av budsjetthandsaminga for 2004.
Vel to vintermånader gjekk før ting fall på plass og saka måtte takast opp på statssekretærnivå meir enn ein gong, for denne vesle saka. Men saka er ikkje lita for dei den gjeld. Hytteområda er store og turisme med utgangspunkt i trafikk både ifrå aust og vest er grunnlaget for arbeidsplassar i Hallingdal. Det gir lite og ingen grunn til optimisme i ein region når kampen om vinteropen veg skal vere i gang kvart år. Kommunen meiner dette er så viktig at dei inngår spleiselag med staten om vinteropen veg. Då er det forståeleg at vekesvise uavklarte oppgåvefordelingar skaper frustrasjon. Min påstand blir difor: Øvre Buskerud distriktskontor har betre lokalkunnskap, betre regional tilhøyrighet og truleg kapasitet til å ta på seg denne oppgåva utan ein frustrerande omveg om regionkontoret i Leikanger. Og kanskje det viktigaste, ein ville unngå ansvarssplitting.

Torild Skogsholm (V)

Svar

Torild Skogsholm: Statens vegvesen har ansvar for drift og vedlikehald av riksvegane etter vedtak og føringar gitt av politiske styresmakter. Statens vegvesen har som mål å drifte vegane på ein god og effektiv måte. I samband med omorganiseringa av Statens vegvesen blei det bestemt at drifta av det enkelte høgfjell skulle leggjast inn i ein og same funksjonskontrakt. Dette blei blant anna gjort for å få einsarta standard og eit samla ansvar for heile høgfjellstrekninga, og dermed unngå ansvarsdeling som kunne vere uheldig, spesielt for tryggleiken. Ordninga vil i nokre tilfelle føre til at byggherreansvaret ikkje følgjer fylkesgrensa, blant anna gjeld det vintertenesta på Hardangervidda og Haukeli.
Vegdirektoratet har funne det mest føremålstenleg å leggje ansvaret for drift av fleire av høgfjellsvegane til region vest, sjølv om delar av desse strekningane ligg utafor region vest sitt geografiske område. I funksjonskontrakten "Indre Sogn" ligg mellom anna drift av E16 Filefjell, riksveg 52 Hemsedalsfjellet, riksveg 53 Årdal-Tyin og riksveg 50 Aurland-Hol. Eg har tillit til at desse vegane blir drifta på ein tilfredsstillande og effektiv måte, og i samsvar med vedtak og føringar gitt av politiske styresmakter. Samstundes meiner eg at ei slik organisering inneber moglegheiter for ei betre samordning og meir effektiv drift av vegen.