Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:370 (2003-2004)
Innlevert: 11.02.2004
Sendt: 12.02.2004
Besvart: 19.02.2004 av miljøvernminister Børge Brende

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): Statoilraffineriet på Mongstad har årlege utslipp på 1 000 tonn svovel. Med dominerande vindretning frå sørvest, spreier dette seg nordover Vestlandskysten, til eit område som er kjenslevart for ureining. Påkjenninga frå Mongstad tilsvarer eit årleg forbruk av 7 000 tonn kalkmjøl, til ein verdi av 12-15 mill. kr ferdig spreidd.
I kva grad kan Statoil Mongstad bli pålagt gjennom konsesjonsvilkåra gitt av SFT å betale for sin del av kalkinga i utvalde område i Nordhordaland, Ytre Sogn, Ytre Sunnfjord?

Begrunnelse

Statoil Mongstad har utslippsløyve til ureinande utslipp med påkjenning til miljøet. 1 000 tonn svovel utgjer 7 pst. av Noreg sine utslipp på 14 000 tonn svovel. Halvparten av våre utslipp av forsurande komponentar fell ned att i Noreg, medan resten fell ned på andre.
Statoil sitt oljeraffineri på Mongstad har årleg utslipp på 1 000 tonn svovel. Det er ikkje grunn til å tvile på at Mongstad ligg innanfor konsesjonar for utslipp, men dei er like fullt ei påkjenning for dei områda som vert råka. Statoil betaler 3,09 øre pr. kilo svovel i avgift til prosessindustrien sitt miljøfond, noko som skal medvirke til svovelreduserande tiltak. Verken fondet eller Statoil betaler, jamfør ureinar betaler prinsippet i forureiningslova, for den trongen for kalking i Hordaland og Sogn og Fjordane som utsleppa fører med seg. Frøysethvassdaget i Masfjorden, Brosvikvatnet i Gulen, Bøfjordvassdraget i Hyllestad og Flekke-/Guddalsvassdraget i Fjaler er døme på vassdrag som er råka av utsleppa.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Forsuring av innsjøar og vassdrag skuldast avsetjing av svovel og nitrogen som overstig naturen sine tålegrenser. Meir enn 90 pst. av avsetjingane av forsurande emne i dei mest forsuringsutsette områda i Noreg skuldast utslepp utanfor landet sine grenser eller utslepp som norske styresmakter av andre grunnar ikkje kan regulere, mellom anna kraftverk på kontinentet og skip i internasjonal fart.
Noreg arbeider aktivt med å forhandle fram internasjonale avtalar om reduksjon av dei forsurande utsleppa i Europa. Som følgje av dette er både den samla forsuringsbelastninga og dei norske utsleppa reduserte. Nye tal publisert av Statistisk sentralbyrå 13. februar d.å. syner at dei norske utsleppa av svoveldioksid (SO2) vart redusert med om lag 60 pst. i perioden 1990-2002, frå 52 000 til 22 000 tonn. 60 pst. av dei norske SO2-utsleppa kjem frå industriprosessar.
For å redusere skadane av den sure nedbøren har ein i lang tid kalka forsuringsutsette vassdrag og innsjøar. Kalkingsverksemda er i det alt vesentlege finansiert over statsbudsjettet. Det arbeidast no med å tilpasse kalkinga til forsuringssituasjonen og det vil bli utarbeidd ein plan for den vidare kalkinga i løpet av første halvår i år.
Miljøvernstyresmaktene har høve til å pålegge ei verksemd som får utsleppsløyve etter ureiningslova vilkår som går ut på å motverke skadane av ureining. Ved bruk av slike pålegg må ein skilje mellom situasjonar der skaden skuldast eit fåtal verksemder som er lette å identifisere, og situasjonar der tilhøvet mellom utslepp og skade er meir samansett. Miljøvernstyresmaktene har ikkje vurdert å gje slike pålegg til einskilde verksemder i situasjonar der årsakssamanhengen er kompleks, skaden i stor grad skuldast grensekryssande ureining og kjeldene er mange.
Spørsmålet om eventuelle krav om finansiering av kalking må sjåast i lys av det faktum at forsuringsskaden skuldast utslepp frå mange kjelder som i hovudsak ligg utanfor landet sine grenser, eller som norske styresmakter av andre grunnar ikkje kan regulere. Omsynet til likebehandling tilseier at det er vanskeleg å stille eit utval verksemder direkte til ansvar for slike skadar. Vidare kan det stillast spørsmål ved om dei modellane vi har for å berekne storleiken på ureiningsbidraga frå ulike kjelder til eit spesifikt geografiske område er gode nok som grunnlag for å fastslå betalingsansvar.
Som nemnt over, er dei norske utsleppa av SO2 vesentleg reduserte sidan 1990. Prosessindustrien har teke sin del av desse reduksjonane. Utsleppstala for 2002 syner at Noreg om lag har nådd det nivået vi i Gøteborg-protokollen er forplikta til å overhalde innan 2010. Miljøverndepartementet har inngått ein intensjonsavtale med Prosessindustriens Landsforening (PIL) som skal sikre at Noreg vil fortsette å overhalde denne forpliktinga, sjølv om aktiviteten i prosessindustrien aukar. Naudsynte utsleppsreduksjonar i dei ulike verksemdene skal sikrast gjennom revisjon av eksisterande utsleppsløyve. Ved utforming av nye utsleppsløyve vil ein også ta omsyn til den belastninga utsleppa har på forsuringsutsette område.