Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til justisministeren

Dokument nr. 15:371 (2003-2004)
Innlevert: 12.02.2004
Sendt: 12.02.2004
Besvart: 18.02.2004 av justisminister Odd Einar Dørum

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Det kjem urovekkjande meldingar om ressurssituasjonen i politi- og lensmannsetaten. I Rogaland er kvardagen no vakansar i stillingar, nedbemanning og fare for manglande motivasjon i arbeidet. Dette er det motsette av lovnadene i samband med politireforma og heller ikkje i samsvar med grunnlaget for statsbudsjettet for 2004.
Kva vil statsråden føreta seg for å sikra eit meir synleg politi og såleis større tryggleik i by og bygd?

Begrunnelse

Eg viser til artiklar i Stavanger Aftenblad i veke 7. Der går det tydeleg fram at kvardagen ute i etaten er ein annan enn Stortinget vart førespegla ved handsaminga av politireforma. Då var hovudfokus frigjering av ressursar frå administrativt til operativt publikumsretta arbeid. No synest resultatet å bli ei sentralisering som svekkar tryggleiken og utan at dei mange årsverka som skulle frigjerast kan synleggjerast. Denne veka gjorde Kripos-sjef Arne Huuse det klart at med det strame budsjettet han rår over, må politidistrikta forventa færre tenester frå Kripos. Dette forsterkar ein frå før alvorleg situasjon. Det skulle vera god grunn for å be statsråden gjere noko!

Odd Einar Dørum (V)

Svar

Odd Einar Dørum: Politireform 2000 har ikkje førd til at det er mindre ressursar i politidistrikta til operativt politiarbeid, snarare tvert om. Gjennomføringa av fase I i reforma gjorde at 1 268 stillingar vart omdisponerte, av desse om lag 450 stillingar frå administrativt til publikumsretta arbeid. 24 av dei 450 stillingane kan knytast direkte til Rogaland politidistrikt.
Politidistrikta har frå og med 2004 fått fullmakt til å opprette nye stillingar. Gjennom denne fullmakta har politimeistrane fått større handlefridom og betre høve til å prioritere eigne ressursar. Politimeistrane kan også halde stillingar vakante, dersom dei meiner ressursane kan nyttast meir effektivt på andre måtar. Det vil alltid vere slik at politimeisteren må prioritere ressursane i samsvar med utfordringane distriktet til ei kvar tid har. Eg er såleis kjend med at nokre politidistrikt vel å halde stillingar vakante for å prioritere ressursane til andre og meir kostnadseffektive tiltak.
Eg er ikkje samd i at det i etaten no skjer ei sentralisering som svekkjer tryggleiken til publikum. Regjeringa har m.a. i budsjettproposisjonen for inneverande år gitt klare føringar om å oppretthalde talet på tenestestader (politistasjonar og lensmannskontor), for på den måten å sikre politiet sin nærleik til publikum.
Målet med fase II av politireforma er å frigjere endå større ressursar til operativt politiarbeid. Arbeidet med denne delen av reforma varer framleis, og ein tek sikte på at alle endringar i strukturen for driftseiningar i det einskilde politidistriktet vil bli gjennomførd i løpet av inneverande år. Arbeidet med å optimalisere politidistrikta sin organisasjon er krevjande, og det er difor naturleg at det tek noko tid å realisere alle gevinstane. Oppfølginga av fase II av politireforma vil difor i tida som kjem stå svært sentralt i arbeidet for eit meir synleg politi.