Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:378 (2003-2004) Innlevert: 12.02.2004 Sendt: 13.02.2004 Besvart: 20.02.2004 av fiskeriminister Svein Ludvigsen
Gjermund Hagesæter (FrP): Etter at det nyleg er oppdaga fleire nye grunnar i Tjuasundet ved innseglinga frå Osterfjorden til Eikefet, nektar losane å ta dei største båtane inn til Oster Pukk og Sand sitt anlegg. Dette kan bety at heile 30 pst. av eksportgrunnlaget til denne bedrifta forsvinn, noko som vil gje store konsekvensar både for bedrifta og underleverandørane. Kravet frå losane er at innseglinga til Ystesundet må sprengjast ut snarast mogeleg. Vil statsråden ta initiativ slik at denne problemstillinga finn si løysing snarast?
Svein Ludvigsen: I 1980 etablerte selskapet Oster Pukk og Sand merking i Tjuasundet i form av 3 stk. lanterner. Selskapet sto også for drifta av disse. Midt på 90-tallet var fartøya som trafikkerte i Tjuasundet blitt så store at det i 1997 blei innført restriksjonar på seilas i mørke og ved dårlig sikt for de største fartøya. Vidare gjorde Kystverket vest ein avtale med Oster Pukk og Sand om deling av kostnadene med å oppgradere merkinga i sundet til tilfredsstillande standard. I februar 1998 blei den nåverande merkinga satt i drift. Denne oppmerkinga var på dette tidspunktet tilfredsstillande for de fartøy som da anløp Eikefet. Kystdirektoratet har opplyst at Oster Pukk og Sand ikkje betalte sin del av kostnadene. I 2001 begynte fartøya "Kvitnes" (som seinare blei omdøypt til "Rocknes") og "Stones" å anløpe Eikefet. Statslosane peika på behovet for ytterligare merking, og av omsyn til sikkerheita innførte Kystverket restriksjonar på seilas i mørke. Kystverket kontrollerte i april 2003 farvatnet i Tjuasundet. Det blei da avdekka at farvatnet ikkje var så djupt som offisielle kart viste. På bakgrunn av dette gjorde Sjøkartverket ei ny oppmåling av sundet, og nytt kart var ferdig 23. januar 2004. På et møte den 4. februar 2004 der Oster Pukk og Sand, reiarlaget Jebsen og Kystverket deltok blei det semje om at Kystverket skulle utarbeide et forslag til utdjuping og merking. Det vert helde eit nytt møte den 20. februar 2004. Kystverket har vurdert kva for utdjuping og oppmerking som må gjerast i Tjuasundet for at farleia skal bli tilfredsstillende for de store fartøya som nå anløper bedrifta Oster Pukk og Sand. Tiltaka er berekna å koste totalt 2 135 000 kr. Før Kystverket går i gang med detaljprosjektering og startar arbeidet med å utarbeide anbudsdokument, må det etter Kystdirektoratets vurdering avklarast nærmare korleis prosjektet skal finansierast. Etter Kystdirektoratets syn bør det stilles krav til Oster Pukk og Sand om å dekke ein stor del av kostnadane. Eg sluttar meg til Kystverkets vurderingar i denne saka. Det er opplyst at det er anløpa av store fartøy til Oster Pukk og Sand aleine som gjer det nødvendig med utdjuping og oppmerking av Tjuasundet, og eg vil derfor be Kystverket vidareføre dialogen med Oster Pukk og Sand med tanke på ei snarleg løysning.