Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:389 (2003-2004)
Innlevert: 16.02.2004
Sendt: 16.02.2004
Besvart: 23.02.2004 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Stortinget bad i samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2004 Regjeringa om snarast og motverka negative konsekvensar for einskildkommunar som fekk store ekstra utgifter på grunn av overføringa av det økonomiske ansvaret for skyss av helsepersonell frå Folketrygda til kommunane.
Kva kommunar har Regjeringa så langt registrert meirutgifter frå, og korleis vil Regjeringa vidare følgja opp denne saka?

Begrunnelse

Ved handsaminga av Ot.prp. nr. 66 (2002-2003) vart ansvarsforholda for sjuketransport og transport av helsepersonell endra slik at kommunane fekk ansvar for transport av helsepersonell i kommunehelsetenesta. Særleg kommunar som er avhengige av ambulanse- og legeskyssbåtar synest å koma dårleg ut av denne omlegginga. Tal frå einskildkommunar tyder på at dei taper millionbeløp på denne omlegginga. Desse forholda vart omtala i budsjettinnstillingane både frå kommunalkomiteen og sosialkomiteen i haust.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2004 hadde eit fleirtal i kommunalkomiteen følgjande merknad:

"Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til Innst. O. nr. 9 (2003-2004) som mellom anna omhandlar overføring av det økonomiske ansvaret for skyss av helsepersonell frå Folketrygda til kommunane. Fleirtalet viser til at det no kjem urovekkjande meldingar frå ei rekkje kystkommunar om negative verknader av denne lovendringa. Fleire kommunar synest å få store ekstra utgifter til båttransport t.d. i legevaktsamarbeid og anna transport av helsepersonell. Fleirtalet vil be Regjeringa snarast vurdere konsekvensane for dei aktuelle kommunane med sikte på å motverke negative effektar og gi eit oversyn over saka i kommuneproposisjonen for 2005 med forslag til eventuell oppretting av uheldige økonomiske verknader."

Eit fleirtal i sosialkomiteen hadde følgjande merknad om same sak:

"Flertallet er kjent med at enkelte kommuner mener å få overført for lite midler i forhold til kostnadene forbundet med disse tjenestene. Det gjelder spesielt kommuner som er avhengige av ambulanse- og legeskyssbåt. Flertallet er kjent med at Helsedepartementet foretar en kvalitetssikring av dataene som dannet grunnlag for budsjetteringen og legger til grunn at Helsedepartementet på egnet måte vil legge til rette for opprettinger i de tilfeller hvor det blir avdekket feil."

På oppdrag frå Helsedepartementet har Rikstrygdeverket gjennomgått rekneskapsførte refusjonsutgifter til kommunane for transport av helsepersonell i 2002. Det har i den samanheng vore vanskelig å spesifisere utgifter til ambulansebåt/skyssbåtteneste. Derfor vil Helsedepartementet gjere ein særskilt kartlegging av trygderefusjonar og utgifter til desse formåla. Dei aktuelle kommunane har blitt kontakta pr. brev og beden om rekneskapsopplysningar om utgifter og refusjonar frå folketrygda til transport av helsepersonell.

Kommunal- og regionaldepartementet vil komme tilbake i kommuneproposisjonen med eit oversyn over saka og eventuelt forslag om oppretting av uheldige fordelingsmessige konsekvensar.