Hallgeir H. Langeland (SV): På stadig fleire områder i samfunnet settes det inn tiltak som har som intensjon å stanse mulige terrorangrep, men som også kan ha ei rekke negative effektar. Det strenge og kostbare vakthaldet med m.a. USAs ambassade, oppsetting av gjerder i norske hamner og lite fleksible rapporteringsrutinar i skipstrafikken er døme på dette.
Kva vil utanriksministeren gjere for at dei ulike tiltaka i sum ikkje vert øydeleggande for norsk samfunns- og næringsliv, og korleis vil eventuelt fleire nye tiltak bli handsama?
Begrunnelse
Det er store utgifter knytt til dei ulike tiltaka som skal, og er sett i verk. Og når hamnene vert inngjerda og politi går væpna med maskinpistolar, har det sjølvsagt verknader utover det synlege.
Og når skip som går med last ved norskekysten må rapportere inntil fleire gangar i døgnet og kan bli bøtlagde om dei gløymer seg ut, kan det virke som om terrortrusselen går utover sine dimensjonar, og kanskje må det settast ei grense på kva som er naudsynt.