Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til finansministeren

Dokument nr. 15:423 (2003-2004)
Innlevert: 24.02.2004
Sendt: 24.02.2004
Besvart: 27.02.2004 av finansminister Per-Kristian Foss

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): Regjeringa vart i Budsjett-innst. S. nr. 1 (2003-2004) beden om å raskast mogleg utforme forslag til ordning der heile, eller deler av bransjar kan betale gradert arbeidsgivaravgift, fordi dei driv verksemd som ikkje er i aktuell eller potensiell konkurranse med verksemder i andre land i EØS-området. Døme på slike kan vere offentlege verksemder eller ikkje-kommersielle verksemder.
Kor langt har Regjeringa komme i arbeidet med å utforme ei slik ordning, og kva framdriftsplan arbeider Regjeringa etter?

Per-Kristian Foss (H)

Svar

Per-Kristian Foss: Eit mogleg forslag til ordning der heile eller delar av bransjar kan betale gradert arbeidsgjevaravgift, fordi dei driv verksemd som ikkje er i aktuell eller potensiell konkurranse med verksemder i andre land i EØS-området, må dokumenterast grundig. Nærings- og handelsdepartementet har i den samanheng sett i gang ei undersøking av konkurranseflater. Dette arbeidet blir utført av ECON. Ei slik undersøking av konkurranseflater krev detaljerte opplysningar om enkelte verksemder i dei ulike bransjane. På bakgrunn av resultata frå denne undersøkinga vil Regjeringa vurdera nærare korleis ein kan utforme eit tenleg forslag til ordning.
Stortinget har oppmoda Regjeringa om å utforme eit forslag til ordning innan utgangen av mars 2004, jf. Budsjett-innst. S. nr. 1 (2003-2004). Regjeringa vil utforme eit slikt forslag innan den tid.