Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:512 (2003-2004) Innlevert: 15.03.2004 Sendt: 15.03.2004 Besvart: 23.03.2004 av justisminister Odd Einar Dørum
Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Stortinget vedtok 16. desember 2002 å be Regjeringa utgreia alternative forslag til erstatningsordningar for krigsbarn.Kva er status når det gjeld departementet sitt arbeid med denne saka?
Odd Einar Dørum: Justisdepartementet arbeider for tida med ein stortingsmelding om erstatning til krigsbarn som er påført særlige lidingar mv. som følgje av at dei er krigsbarn. Meldinga vil bli lagt fram for Stortinget i juni 2004. I tråd med Stortingets vedtak, har departementet involvert krigsbarnas organisasjonar i arbeidet. Det har vært fleire møter mellom organisasjonane og leiinga i departementet. Vidare er det oppretta ei arbeidsgruppe der organisasjonane deltar saman med representantar frå embetsverket i Sosialdepartementet og Justisdepartementet.Uavhengig av arbeidet med stortingsmeldinga om erstatningsordningar driv Norges forskningsråd i regi av Sosialdepartementet forsking om krigsbarnas oppvekstvilkår i Noreg etter krigen. Etter planen skal forskingsarbeidet være avslutta sommaren 2004.