Skriftlig spørsmål fra Heidi Grande Røys (SV) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:523 (2003-2004)
Innlevert: 18.03.2004
Sendt: 19.03.2004
Besvart: 26.03.2004 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Heidi Grande Røys (SV)

Spørsmål

Heidi Grande Røys (SV): Ei kvinne som søkjer opphaldsløyve har fått avslag frå UDI med følgjande grunngjeving: "Søknaden er ikke vurdert i forhold til utlendingsforskriften § 37 sjette ledd, da søker ikke har blitt mishandlet av sin ektefelle."
I kva grad er psykisk mishandling grunnlag for å vurdere ein søknad om opphald etter utlendingsforskrifta § 37 sjette ledd, og i kva grad vert slik mishandling frå familiemedlemmer av ektefelle vurdert ved handsaming av søknader?

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Innleiingsvis vil eg peike på at slik utlendingsforvaltninga er organisert, kan eg ikkje instruere Utlendingsdirektoratet om lovtolking eller utfallet av enkeltsaker. Eg kan derfor ikkje kommentere nærmare den saka som var bakgrunnen for spørsmålet.
Generelt kan eg seie at formålet med utlendingsforskrifta § 37 sjette ledd andre alternativ er at utanlandske kvinner med opphaldsløyve i familiegjenforeining ikkje skal føle seg tvungne til å bli i eit ekteskap der ho eller eventuelle barn blir mishandla, av frykt for å miste opphaldsløyva si i Noreg. Dersom ei kvinne blir mishandla i samlivet, skal kvinna få ei opphaldsløyve etter utlendingsforskrifta § 37 sjette ledd andre alternativ.
I tillegg til fysisk mishandling, vil òg psykisk mishandling som f.eks. truslar om bruk av vold kunne gi grunnlag for opphald etter nemnte regel. Det går fram av rundskriv UDI 02-117 at påstanda om mishandling i samlivet skal vera sannsynleg, og at kvinna si forklaring som utgangspunkt skal leggjast til grunn med mindre det føreligg klare haldepunkt for at denne ikkje er riktig.
Formålet med utlendingsforskrifta § 37 første ledd andre alternativ er å gi eit vern for kvinner og barn hennar som lever i eit familieliv med mishandling. Mishandling frå andre slektningar vil isolert sett ikkje danne grunnlag for opphaldsløyve etter denne regelen. Avhengig av faktum i den enkelte saka vil Utlendingsdirektoratet vurdere andre relevante grunnlag for opphaldsløyve etter reglane i utlendingsforskrifta. Saker som gjeld vold og mishandling av ymse slag i ein familie vil ofte vere særs vanskelege saker, då dei grip rett inn i familielivet til folk. Eg har likevel tiltru til at Utlendingsdirektoratet foretar ei forsvarleg handsaming av dei relevante forholda i slike saker.
Som representanten Grande Røys er kjent med, har Regjeringa eit stort fokus på familievold og vold mot kvinner og barn. På utlendingsområdet arbeider eg til dømes med fleire endringar i utlendingslova og -forskrifta, med det for auge at utanlandske borgarar som er voldelege overfor sine nærmaste mellom anna lettare vil kunne verte utviste frå landet. Eg sender neste veke ein lovproposisjon til Stortinget med forslag om endra reglar for utvising i desse tilfella.