Skriftlig spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:542 (2003-2004)
Innlevert: 23.03.2004
Sendt: 24.03.2004
Besvart: 31.03.2004 av nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen

Olav Akselsen (A)

Spørsmål

Olav Akselsen (A): Kva er erfaringane så langt med Stortinget sitt vedtak om å sikre eit visst antal lærlingplassar for norske sjøfolk på skip som er omfatta av nettolønnsordninga, samt å oppretta eit fond til kompetansehevings- og rekrutteringstiltak?

Begrunnelse

Våren 2003 fatta Stortinget følgjande vedtak:

"Stortinget ber Regjeringa utarbeide regler hvor det stilles krav om et visst antall lærlingplasser for norske sjøfolk på skip som kommer inn under nettolønnsordninga. Dette skal sikre i snitt 2 lærlinger per skip som er omfatta av nettolønnsordninga.
Stortinget ber Regjeringa opprette et fond, for eksempel etter svensk modell, som skal gå til kompetansehevings- og rekrutteringstiltak i de maritime næringene, spesielt retta mot opplæring til sjøs. Fondet disponeres i samråd med de berørte rederiene og de ansattes organisasjoner. Fondet finansieres ved innbetaling av kr 470 per måned per sysselsatt på alle norske skip som er omfatta av nettolønnsordninga."

Ansgar Gabrielsen (H)

Svar

Ansgar Gabrielsen: I samband med utvidinga av nettolønnsordninga blei det hausten 2003 oppretta eit kompetansefond. Formålet er å bidra til å stimulere opplæring og rekruttering av norske sjøfolk. Det blei også utarbeidd reglar som sikrar i gjennomsnitt minst 2 opplæringsplassar pr. skip som er omfatta av nettolønnsordninga. Det er for tidleg å seie noe om verknadene av desse tiltaka. Regjeringa vil følgje utviklinga nøye, og gjennom ei evaluering sjå om målsetjinga om praksisplassar blir nådd, så snart fondet har vore i funksjon ein periode.