Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:585 (2003-2004)
Innlevert: 01.04.2004
Sendt: 02.04.2004
Besvart: 14.04.2004 av barne- og familieminister Laila Dåvøy

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Begge foreldra har i utgangspunktet same forsytarplikt overfor barna, også etter ei skilsmisse. Dersom ein av foreldra arbeider mindre, må dette ha ein rimeleg grunn for å verta akseptert. Eg har kjennskap til saker som kan tyda på at skjønnet som vert utøvd når det gjeld kva som er rimeleg grunn, ikkje vert utøvd likt for mødre og fedre.
Kan statsråden bekrefta at forsytarplikta gjeld både mor og far, og at skjønn i høve til fastsetjing av inntekt skal utøvast kjønnsnøytralt?

Begrunnelse

Eg har inntrykk av at fedre ofte møter diskriminerande haldningar i sin kontakt med trygdekontoret i bidragssaker. Det er, så vidt eg kan skjøna, på ingen måte intensjonen i lov og forskrifter. I og med at ein i det nye bidragssystemet i nokon grad skal utlikna inntektsskilnadane mellom mor og far, får fastsetjing av inntekt som grunnlag for utrekning av bidrag for den eine, konsekvensar for den andre.
I eit oppslag i VG 24. mars kjem det fram at trygdekontoret ikkje har godtatt at ein fråskilt far vil arbeida i halv stilling for å ha meir tid til barna, og at han må betala bidrag ut frå ein stillingsstorleik på 80 pst. Eg kjenner samstundes til ei sak der ei mor med to fagbrev, meir enn full stilling og ei inntekt på minst 350 000 kr i året, har fått sett ned inntekta si til 175 000 kr pr. år fordi ho har valt å ta høgare utdanning. Dette har medført at far har fått høgare bidrag enn han elles ville ha hatt. Munnleg har far fått beskjed om at det ikkje ville ha vorte akseptert at han arbeidde mindre for å ha meir tid til dei to ungane frå tidlegare ekteskap og eit mindre barn i eit nytt ekteskap.
Dette er to av fleire døme som kan tyda på at skjønnet ikkje vert utøvd kjønnsnøytralt, men ulikt avhengig av om det er mor eller far.

Laila Dåvøy (KrF)

Svar

Laila Dåvøy: Det følgjer av barnelova at foreldra har plikt til å forsørgje sine barn etter evne. Dette inneber at foreldra innanfor kva som er rimeleg har plikt til å innrette seg slik at dei er i stand til å oppfylle denne plikta. Foreldra står i utgangspunktet fritt til å innrette seg slik dei måtte ønske, men det er ikkje utan vidare gitt at dei med sine val kan fri seg frå den lovbestemte forsørgingsplikta og føre byrdene over på den andre av foreldra eller det offentlege. Det er derfor gitt høve til å skjønnsfastsetje inntekta til ein eller begge av foreldra dersom inntekta er lågare enn det som er rimeleg å vente. Høvet til skjønnsfastsetjing skal berre nyttast i spesielle tilfelle, og er ikkje meint å innverke på foreldras fridom med omsyn til yrkesval. Skjønnsføresegna gir såleis ikkje ein generell tilgang til å krevje at foreldra skifter til eit best muleg betalt yrke, eller eventuelt opprettheld sitt tidlegare og betre betalte arbeid.

Det følgjer av forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot § 4 siste ledd at inntekta skal skjønnsfastsetjast når ein part er utan inntekt, eller inntekta er vesentleg lågare enn det vedkommande burde kunne oppnå ut frå utdanning og evner, utan at parten kan gi ein rimeleg grunn til dette. Regelen er ein direkte vidareføring av ein tilsvarande regel i det tidlegare regelverket. Forskjellen ligg i at det no er inntekta som skal skjønnsfastsetjast, mens det tidlegare var bidraget som blei skjønnsfastsett. Dette heng saman med at etter det nye regelverket skal inntekta til begge foreldra leggjast til grunn ved bidragsfastsetjinga. Ein må derfor gjere den same vurderinga av inntektsevna for både bidragsmottakaren og for den bidragspliktige. Dette gjeld uavhengig av om mor er bidragsmottakar og far bidragspliktig eller omvendt. Regelen er med andre ord kjønnsnøytral, og vurderinga av om det føreligg ein rimeleg grunn for den manglande inntekta/inntektsreduksjonen eller ikkje, vil vere den same enten det er tale om inntektsforholda til bidragsmottakaren eller den bidragspliktige.