Skriftlig spørsmål fra May Britt Vihovde (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:103 (1997-98)
Innlevert: 02.03.1998
Sendt: 03.03.1998
Besvart: 10.03.1998 av samferdselsminister Odd Einar Dørum

May Britt Vihovde (V)

Spørsmål

May Britt Vihovde (V): Bompengetakstane til Hvalertunnelen er slik at spesielle rabattkort berre kan kjøpast av fastbuande i Vestre Hvaler, eller folk som har fast arbeid eller hovudnæring vest for Løperen. Det er altså ikkje antall passeringar - bruken av vegen - som bestemmer kostnaden. Er ei slik rabattordning i tråd med dei retningsliner for rammebetingelsar og takstar som Stortinget har vedteke for bompengeprosjekt? Er det andre bompengeprosjekt i landet som har tilsvarande rabattordningar?

Begrunnelse

Hvalertunnelen vart opna 1. oktober 1989. To år seinare fekk ein problem med å betale renter og avdrag. Bommen vart flytta slik at alle som kom til Hvaler kommune skulle betale bompengar. Fastbuande i vestre Hvaler fekk høve til å kjøpe spesielle rabattkort. Det gjaldt også dei som bur i annan kommune og arbeider i eller har hovudnæring i Hvaler vest for Løperen. Alle andre som kjem til Hvaler kommune kan ikkje kjøpe spesielle rabattkort. Hytteeigarar i vestre Hvaler kan få rabattkort, men ikkje med same rabatt som fastbuande.

Ein må legge fram skriftleg dokumentasjon frå arbeidsgjevar for å få kjøpe «spesialrabattkort».

Stortingsmelding nr 46 (1990-91) om endring i rammebetingelsar for bompengeprosjekt omhandla mellom anna takstretningsliner. I Stortingsmeldinga, og under Stortinget si behandling av saka, blei desse prinsippa framheva ved etablering av bompengeprosjekt:
- Ein skal i størst mogeleg grad unngå passasjerbetaling
- Det skal som hovudregel vere fritak for kollektivtrafikk
- Det skal vere rabattordningar basert på klippekortsystem, d.v.s. betaling pr. passering
- Det skal vere muleg å ha tidsdifferensiering.

Departementet presiserte at også ved tidlegare vedtekne prosjekt, skal det vere eit siktemål å gjennomføre desse prinsippa.

I dømet frå Hvaler er det alstå slik at betalinga delvis er basert på bustad og arbeidsplass, og ikkje berre på kor ofte ein passerer bommen. Eg har vanskeleg for å sjå at dette er i tråd med dei retningslinene som Stortinget har gått inn for, og bed på den bakgrunn om statsråden sitt syn på saka.

Odd Einar Dørum (V)

Svar

Odd Einar Dørum: Bomstasjonen for Hvalertunnelen er i dag plassert på Bukkholmen. Det er følgjande rabattsystem for passering av bomstasjonen:

· 50 turar gjer 10 % rabatt for alle
· 50 klipp gjer 80 % rabatt for fastboande i Hvaler kommune vest for Løperen og fastboande utanfor Hvaler kommune med fast arbeid eller hovudnæring i Hvaler kommune
· 30 klipp gjer 30 % rabatt for hytteeigarar på vestre Hvaler, vest for Løperen i Hvaler kommune

Rabattsystemet er ikkje i tråd med retningsliner for takstar og rabattar for bompengeprosjekt som Stortinget har vedteke i samband med handsaminga av St.meld. nr. 46 (1990-91) Om endring i rammebetingelser for bompeng-e prosjekter. Regelen for ferjeavløsningsprosjekt er lik rabatt for alle: 40 turar - 40 % rabatt. Det er ingen andre bompengeprosjekt i landet som har tilsvarande rabattsystem som A/S Hvalertunnelen, men det er nokre prosjekt som har avvikande rabbattordningar, mellom anna Ev 18/Ev 134 gjennom Drammen og Ev 16 Sollihøgda - Vik i Buskerud.

Bompengefinansieringa av fastlandssambandet til Kirkeøy i Hvaler blei vedteke av Stortinget gjennom handsaminga av St.prp. nr 51 (1987-88), jf Innst. S.
nr. 79 (1987-88). Da prosjektet var ferdig i 1989, skjedde bompengeinnkrevinga ved tunnelåpninga på Asmaløy.

På grunn av lågare trafikk og høgre rente enn føresett hadde bompengeselskapet ein svært dårleg økonomi. Prognosane synte at selskapet si gjeld ville passere garantiramma som Hvaler kommune og Østfold fylkeskommune hadde gjeve på 180 mill. kroner. Nedbetalingstida så ut til å bli høgare enn 35 år. På bakgrunn av den økonomiske situasjonen i selskapet fatta Østfold fylkeskommune og Hvaler kommune vedtak om at bommen skulle flyttast til Bukkholmen. Det blei krevd at rabattane skulle differensierast slik at dei fastbuande i Hvaler kommune vest for Løperen berre skulle betale 10 kroner.

Samferdselsdepartementet vedtok flytting av bommen i brev av 18. juni 1993 til Vegdirektoratet. Departementet sitt vedtak blei gjort på grunnlag av fullmakt frå Stortinget i samband med handsaming av St.meld. nr. 34 (1992-93), jf Innst. S. nr. 232. Vegdirektoratet vedtok 24. juni 1993 takstar og rabattar i tråd med Samferdselsdepartementet sitt vedtak og Østfold fylkeskommune og Hvaler kommune sine ønskjer.

Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet har fått fleire klagar på ordninga. Særleg har hytteeigarane vore misnøgde. Etter flyttinga gjekk ei gruppe hytteeigarar til rettssak mot Samferdselsdepartementet. Resultatet blei eit forlik der Samferdselsdepartementet lova å sjå på rabattsystemet på nytt. Den 13. juni 1997 vedtok Samferdselsdepartementet ei prøveordning på to år med ekstrarabatt for hytteeigarar. Det blei vidare bestemt at det skulle vurderast om eit heilt nytt takstsystem burde gjennomførast på sikt.






Gjenpart:
Vegdirektoratet