Skriftlig spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:632 (2003-2004)
Innlevert: 27.04.2004
Sendt: 28.04.2004
Rette vedkommende: Kommunal- og regionalministeren
Besvart: 05.05.2004 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Olav Akselsen (A)

Spørsmål

Olav Akselsen (A): Kva har statsråden føreteke seg for å fylle opp punktet i budsjettavtalen med Arbeidarpartiet kor det heiter: "Regjeringa bes om å ta aktivt del i arbeidet for å legge et grunnlag for ny næringsdrift i Årdal og Høyanger i sambande med store nedleggelser av industriarbeidsplasser. Det må tas initiativ overfor nåværende virksomheter, fremtidige eier- og investormiljøer og gjennom målrettede offentlige virkemidler."?

Begrunnelse

Dei to kommunane, Årdal og Høyanger, står overfor store utfordringar i åra framover. Arbeidarpartiet meiner det er behov for at styresmaktene arbeider aktivt for å gjera prosessen best mogeleg, slik at det kan leggast grunnlag for eit aktivt næringsliv og vekst i både Høyanger og Årdal også i framtida.

Erna Solberg (H)

Svar

Erna Solberg: Spørsmålet er retta til nærings- og handelsministeren, men etter semje med han vil eg svare på spørsmålet.
Regjeringa har i denne saka nær kontakt med leiinga i Norsk Hydro. I tillegg er det også nær kontakt med dei nasjonale verkemiddelaktørane.
Kommunal- og regionaldepartementet hadde eit møte med representantar frå Sogn og Fjordane 13. november 2003. Det var her semje om at Sogn og Fjordane fylkeskommune skulle kome attende med ein søknad om ekstra statleg innsats i fylket som fylgje av dei store utfordringane fylket står overfor i åra som kjem. Denne søknaden kom til departementet 1. mars 2004. Dei søker her mellom anna om 93 mill. kr til ekstraordinære omstillingstiltak for perioden 2004-2008.
Mykje av omstillinga i Årdal og Høyanger vil kome i 2005 og 2006. Regjeringa vil kome nærmare tilbake til saken i revidert nasjonalbudsjett for 2004.