Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til helseministeren

Dokument nr. 15:641 (2003-2004)

Innlevert: 30.04.2004
Sendt: 03.05.2004
Besvart: 11.05.2004 av helseminister Dagfinn Høybråten

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Arbeidet med eit nasjonalt program for førebygging og behandling av osteoporose vart sett i gong i 1998. Etter fleire år er enno ikkje programmet lagt fram.
Kan statsråden klargjera status for dette arbeidet?

Begrunnelse

Dagfinn Høybråten (KrF)

Svar

Dagfinn Høybråten: I samband med at Stortinget behandla budsjettet for 1999, jf. Budsjett-innst. S. nr. 11 (1998-99), vart Regjeringa bedt om å "vurdere igangsetting av et flerårig nasjonalt handlingsprogram for å kartlegge årsakene til og foreslå tiltak mot den høye forekomsten av benskjørhet i Norge". Stortinget løyvde 2 mill. kr til tiltaket, og desse midla er seinare vidareført. 1,5 mill. kr vart tildelt Norges forskningsråd sitt forskingsprogram "Helse og samfunn".
For å danne ein basis for ein samla strategi for førebygging og behandling av osteoporose og osteoporotiske brot, fekk Senter for medisinsk metodevurdering i 1999 i oppdrag frå Sosial- og helsedepartementet å utarbeide ein kunnskapsstatus på feltet. Med bakgrunn i mellom anna dette kunnskapsgrunnlaget vart Statens helseundersøkingar (SHUS) i 1999 tildelt 0,5 mill. kr for å utarbeide ei rettleiing til helsepersonell. Denne rettleiinga vart tatt i bruk i 2001. I desember same året vart eit forslag til handlingsprogram frå SHUS lagt fram for Sosial- og helsedepartementet. Med bakgrunn i omorganiseringa av den sentrale sosial- og helseforvaltinga vart det vidare arbeidet med handlingsprogrammet overført til Sosial- og helsedirektoratet, som fekk tildelt 0,5 mill. kr til dette arbeidet.
Arbeidet er no på det næraste sluttført, og Sosial- og helsedirektoratet vil leggje fram handlingsprogrammet i nær framtid.
I handlingsprogrammet vil både kort- og langsiktige tiltak bli presentert. Eit hovudmål i programmet er å redusere førekomsten av brot. For å unngå brot er det viktig å bygge ei høg maksimal beinmasse i barne- og ungdomsåra, og seinare i livet tape minst mulig beinmasse. For å legge til rette for dette har handlingsprogrammet fokus på livsstilstiltak for å sikre betre kosthald, fysisk aktivitet og redusert røyking. I tillegg står førebygging av ulykker sentralt. Dei førebyggande tiltaka har fokus på barn og unge, kvinner i 40-60-årsalderen og eldre kvinner og menn.
På behandlingssida vil programmet presentere tiltak som mellom anna vil bli følgt opp i helseføretaka.
Handlingsprogrammet vil ikkje gje svar på kvifor Noreg er blant dei land i verda med flest hoftebrot. Regjeringa vil derfor framleis leggje vekt på forsking på området - både for å medverke internasjonalt, og for at framtidige tiltak på området skal være best mogeleg fundert. Som ei oppfølging av kvinnehelsestrategien i St.meld. nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnere Norge er Norges forskningsråd i år styrka med 2 mill. kr til kvinnehelseforsking med ei hovudvekt på førebygging og behandling av osteoporose.