Bjørn Jacobsen (SV): Den norske fagrørsla har reagert på at Landsorganisasjonen (LO) har sendt eit protestbrev til El Salvadors president, Francisco Flores P. LO er uroa for dei nye tilfella av vold mot fagorganiserte, og held fram at dette er klare brot på Konvensjon 98 til ILO.
Deler utanriksministeren LO si uro, og kjem han på noen måte til å ta dette opp med El Salvadors regjering eller multilateralt?
Begrunnelse
I El Salvador har det lenge vært konfliktar i arbeidslivet som i det siste har toppa seg ved at politi og soldatar blei satt inn mot ei gruppe helsearbeidarar som hadde okkupert ein katedral i sentrum av San Salvador. Det blei skutt med skarpt og brukt tåregass i aksjonen. Ein leiar i fagrørsla blei arrestert.