Bjørn Jacobsen (SV): Noreg er imot USA sin einsidige handelsblokade av Cuba. Blokaden har vist seg å ha nærmast motsatt effekt av kva USA ønskjer seg. Noreg har hatt og har ein politisk og ein menneskerett dialog gåande med Cuba.
Får dei nye åtgjerdene frå USA noen følgjer for denne dialogen, og kva gjer Regjeringa for å sikre at norske selskap ikkje blir folkerettsstridig etterforska for å handle med Cuba?
Begrunnelse
6. mai i år annonserte USA si Regjering nye politiske og økonomiske åtgjerder mot Cuba i tillegg til dei som er frå før gjennom handelsblokaden og Helms-Burton Act.
Av mange åtgjerder er mellom anna ei å sette ned ei gruppe som skal etterforske utanlandske selskap som handlar eller har anna samkvem med Cuba. Det Stavanger baserte norske selskapet Ocean Rig kan til dømes komme under etterforsking.
USA si Regjering har og gjennom USAID løyva 59 mill./USD i dei næraste to åra til ulike åtgjerder. Mellom anna kringkasting av radio og tv-program frå fly. Redusere omfanget av "Las Remesas" pengar cubanarar i USA kan sende heim ved å avgrense det til nær familie.